Ma'an () er eit guvernement i Jordan. Det ligg sør for Amman, hovudstaden i Jordan. Guvernement er det største i Jordan i utstrekking. Administrasjonsbyen er Ma'an.
Historie mini|venstre|Petra er ein verdsarvstad og eit av dei sju nye underverka. venstre|mini|Krossfararborga Montreal i Shoubak. mini|Hor-fjellet der ein trur at Aron, bror til Moses døydde, og byen Taibeh. Området som guvernementet Ma'an dekkjer har mange historiske stader. Ma'an var hovudstaden i den arabiske staten som emir Abdullah erklærte ei kort stund i 1920 før hovudstaden vart flytta til Amman. Den første avisa i Jordan vart publisert i Ma'an og heitte Alhaqqu Ya'lu (الحق يعلو ). Ma'an guvernement var ein del av området til Edom, som hadde hovudstaden sin i Busaira i Tafilah guvernement. Edomittane vart sidan erstatta avnabatearane, som etterlet seg ein av dei mest merkverdige stadane i Midtausten, oldtidsbyen Petra. Etter å ha stått i mot invasjonane til makedonske og romersk armear, fall Petra til slutt for Romarriket i 103 evt. Like ved Petra ligg fjellet Jebel Nebi Harun, der ein trur Aron, bror til Moses døydde. Det ligg ei grav for Aron på fjelltoppen.
På 600-talet evt. vart Ma'an ein del av det islamske kalifatet. Då krossfararane kom på 1000-talet, tok dei kontroll over høglandet Shoubak, med ei høgd på meir enn 1300 meter over havet. Krossfararane bygde Montreal-borga i Shoubak.
Geografi Sjølv om Ma'an guvernement har det største arealet av dei 12 guvernementa i Jordan, har han lågast folketettleik: mindre enn fire personar per kvadratkilometer. Det grensar til Saudi-Arabia i aust og sør, Akaba, Tafilah og Karak guvernement i vest, og Amman guvernement i nord.
Klimaet i Ma'an er houvdsakleg ørkenklima, men dei vestlege høglanda har middelhavsklima. Årsnedbøren varierer frå 50 mm i ørkenområda til 250 mm i dei vestlege høglanda, og over 500 mm i Sharah-fjella.
Administrativ inndeling Ma'an guvernement er delt inn i fire departement.Ministry of Interior- Jordan
mini|Wadi Musa. mini|Byen Shoubak i Ma'an guvernement
Nahiyaer i Ma'an guvernement etter folketal (2004) Nahiya Arabisk namn Areal Folketal (2004) Adm. senter 1 Al-Qasabah nahiya لواء قصبة معانomfattar byen Ma'an og 56 andre byar og landsbyar 51 016 Ma'an 2 Petra nahiya لواء البتراء omfattar 19 byar og landsbyar 23 840 Wadi Musa 3 Shoubak nahiya لواء الشوبك omfattar 27 byar og landsbyar 12 087 Shoubak 4 Husseiniya nahiya لواء الحسينية omfattar åtte byar og landsbyar 8 310 Husseiniya Kjelde: وزارة الداخلية - الأردن Det jordanske innanriksdepartementet
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ma'an guvernement» frå , den 4. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Guvernement i Jordan