Stephen Michael James Ovett, kjend som Steve Ovett, () er ein tidlegare britisk friidrettsutøvar frå Brighton. Han vart olympisk meister på 800 m i 1980 og europameister på 1500 m i 1978.
Aktiv Ovett overraska og tok sølvmedaljen på 800 meter i europameisterskapen 1974, bak suverene Luciano Sušanj frå Jugoslavia. To år seinare vart han nummer fem på same distansen under dei olympiske leikane i Montreal. Frå 1977 var han verdas beste 1500-meterløpar, noko han viste prov for då i september vann IAAF-finalen i Düsseldorf på britisk rekord 3.34,4. Fram til den olympiske finalen i 1980 vann han samtlege 1500-meterløp han deltok i. Ovett vart europameister på 1500 meter i 1978, og tok nok ein gong sølvmedaljen på 800 meter.
Under Sommar-OL 1980 i Moskva vann Ovett gullet på 800 meter, framom landsmannnen Sebastian Coe. Dei to britane kniva i fleire år om å vere verdseinar på mellomdistansane, men berre fattige sju gongar møttest dei i direkte tevling. På spesialdistansen 1500 meter måtte Ovett nøye seg med bronse, bak nettopp Coe og austtyske Jürgen Straub. På tampen av OL-sesongen sette han ny verdsrekord på 1500 m med 3.31,3.
I 1981-sesongen veksla Ovett og Coe på å sette verdsrekord på «ei engelsk mil». Utan å møtest i løp, forbetra Coe verdsrekorden to gongar og Ovett ein gong i mellomtida, alt saman i løpet av ni døgn. Sesongen etter var Ovett noko plaga av skade, men 4. september 1983 gjorde han i Rieti sitt livs løp på 1500 m og forbetra verdsrekorden til 3.30,7. Under OL 1984 i Los Angeles sleit han med astma og enda sist i finalen på 800 meter. Han kvalifiserte seg også til finalen på 1500 meter, der han «sprakk» ei runde før målgang.
Seinare satsa Ovett på 5 000 meter, og deltok i tre internasjonale meisterskap i 1986 og 1987. Størst suksess på distansen hadde han då han i august 1986 vann Samveldeleikane i Edinburgh.
Ovett la opp i 1990. Han er i dag busett i Australia.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1974 i Roma: Sølvmedalje på 800 m – 1.45,77, bakom Luciano Sušanj (1.44,07) OL 1976 i Montreal: Nr 5 på 800 m – 1,45,44 EM 1978 i Praha: Gullmedalje på 1500 m – 3.35,5. Sølvmedalje på 800 m – 1.44,09 OL 1980 i Moskva: Gullmedalje på 800 m – 1.45,40. Bronsemedalje på 1500 m – 3.38,9 VM 1983 i Helsinki: nr 4 på 1500 m – 3.42,3 OL 1984 i Los Angeles: Nr 8 på 800 m – 1.52,2, nr 12 på 1500 m EM 1986 i Stuttgart: Nr 15 på 5000 m – braut (13,31,2 i kvalifiseringa) VM 1987 i Roma: Nr 10 på 5000 m – 13.33,4
Personlege rekordar 800 m: 1.44,09 (1978, Praha) 1500 m: 3.30,7 (1983, Rieti) 3000 m: 7.41,3 (1977, Wattenscheid) 5000 m: 13.20,0 (1986, Belfast)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Steve Ovett» frå , den 12. oktober 2015.
World Athletics
Kategori:Britiske mellomdistanseløparar Kategori:Britiske langdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Olympiske meistrar for Storbritannia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Folk frå Brighton