«Best of My Love» er ein song skriven av Don Henley, Glenn Frey og J.D. Souther. Han vart opphavleg spelt inn av Eagles (med Henley på solovokal), for albumet On the Border i 1974. Det var den første singelen til bandet som nådde toppen av Billboard Hot 100 i mars 1975, og toppa òg easy listening-lista. Billboard rangerte songen på 12. plassen for 1975.Billboard Year-End Hot 100 singles of 1975

Bakgrunn I 2009 fortalte J.D. Souther om «Best of My Love»: «Glenn fann melodien. Eg trur melodien kom frå ei Fred Neil-innspeling... Me arbeidde på det albumet (On the Border) og kom til London. Oss tre skreiv songen og var under press for å få han ferdig i tide. Eg veit ikkje kvar me henta inspirasjonen frå.» Om musikken sa Glenn Frey «eg spelte akustisk gitar ein ettermiddag i Laurel Canyon, og prøvde å finne ut av ei stemming som Joni Mitchell hadde vist meg nokre dagar tidlegare. Eg fann ikkje ut av det og enda opp med ei gitarstemming eg seinare nytta for 'The Best of My Love.'"http://www.glennfreyonline.com/eagles/verybest/linernotes.htm The Eagles hadde arbeidd på On the Border i Olympic Studios i London med produsenten Glyn Johns, som hadde produsert debutalbumet Eagles og oppføljaren Desperado. Trass i suksessen med debutalbumet, ønskte Eagles å tone ned countryrocken og auke rocken. Dei gav derfor Johns sparken og tok berre med seg «Best of My Love» og «You Never Cry Like a Lover» frå innspelingane i London. Resten av albumet vart spelt inn i the Record Plant i heimbyen Los Angeles med Bill Szymczyk som produsent.

Andre versjonar Brooks & Dunn gav ut songen på eit hyllestalbum med Eagles.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Best of My Love (Eagles song)» frå , den 16. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Eagles-songar Kategori:Brooks & Dunn-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Songar skrivne av Glenn Frey Kategori:Songar skrivne av Don Henley Kategori:Songar skrivne av J.D. Souther Kategori:Songar produserte av Glyn Johns Kategori:Asylum Records-singlar Kategori:Rod Stewart-songar Kategori:The 5th Dimension-songar Kategori:James Last-songar Kategori:Ray Conniff-songar Kategori:Tanya Tucker-songar Kategori:Dobie Gray-songar Kategori:Aswad-songar Kategori:J.D. Souther-songar