mini|upright|Martina Beck Martina Beck (fødd Martina Glagow, () i Garmisch-Partenkirchen i Bayern i Tyskland) er ein tysk skiskyttar. Ho er verdsmeister på jaktstart frå VM i Khanty-Mansijsk i 2003 og vann verdscupen samanlagt i 2002/03-sesongen.
Alt som junior vart Glagow fire gonger verdsmeister. Gjennombrotet som senior kom i VM i Pokljuka i 2001, då ho kom på andreplass på fellesstarten. 2002/03-sesongen vart den største sesongen hennar so langt, då ho først vart verdsmeister på jaktstart i VM i Khanty-Mansijsk, og så vann verdscupen samanlagt, som første tyske kvinne.
Ved VM i Hochfilzen i 2004 vart ho òg beste tyske kvinne, med sølv på jaktstart og bronse på sprint og stafett. I 2005 kunne ho ikkje delta i VM i Hochfilzen grunna sjukdom. Ho var med på det tyske laget til OL i Torino i 2006, der ho tok tre sølvmedaljar. Ho bur i Mittenwald, nær Garmisch-Partenkirchen.
Kortfatta merittliste (pr. 28. februar 2006) Verdscupen samanlagt: 1.plass (2002/03) Verdsmeisterskap: 1 gull (jaktstart, 2003), 2 sølv, 3 bronse Olympiske leikar: 3 sølv (15 kilometer, jaktstart og stafett, Torino 2006) Verdscuprenn: 7 gull, 9 sølv, 10 bronse
Bakgrunnsstoff Martina Glagow si nettside på tysk Martina Glagow sin fanklubb
Kategori:Tyske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2010