Timothy Drury () er ein amerikansk klaverinstrumentist, gitarist og vokalist. Han spelte klaverinstrument i Whitesnake fram til September 2010. Han er son av skodespelaren James Drury.

Gjennombrotet hans kom då han spelte klaverinstrument for Don Henley på End of the Innocence-turneen hans i 1989. Sidan den gongen har han spelt med mange kjende musikarar og band som Eagles, Don Felder, Bryan Adams, Melissa Etheridge og Stevie Nicks. Han var medlåtskrivar på Don Henley-singelen «Everything is Different Now», og Stevie Nicks-songen «That Made Me Stronger», som var produsert av Sheryl Crow.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Timothy Drury» frå , den 18. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:USA-amerikanske klaverspelarar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:Whitesnake-medlemmar