«Does Anybody Really Know What Time It Is?» er ein song skriven og sungen av Robert Lamm for rockebandet The Chicago Transit Authority (seinare forkorta til Chicago) og spelt inn for debutalbumet deira The Chicago Transit Authority i 1969.

Bakgrunn Songen vart ikkje gjeven ut som singel før to andre songar frå det andre albumet deira, «Make Me Smile» og «25 or 6 to 4», hadde blitt hittar. Dette vart den tredje singelen til bandet på rad som nådde topp 10, då han nådde sjuandeplassen på den amerikanske singellista. I Canada nådde singelen andreplassen.http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.3733&type=1&interval=50&PHPSESSID=1dravfvr6jse1edr0hk25q6l21 Songen vart den 59. største hitten i Canada i 1970.

Det originale albumsporet inneheld ein kort «fri form» pianosolo av Lamm i starten. Eit talt vers av Lamm er miksa inn i det vokale siste verset på albumversjonen. Singelversjonen inneheld ikkje introen eller det talte verset, og vart opphavleg miksa og gjeve ut i mono. Ein stereoversjon vart gjeven ut på samlealbumet Only The Beginning.

Ein 2:54 alng versjon (utan opningsfanfaren eller pianomellomspelet) vart gjeven ut på den originale vinylversjonen av Chicago's Greatest Hits, men var ikkje med på CD-versjonen av samlealbumet If You Leave Me Now. Denne versjonen vart nytta som radioversjon. Ein enno kortare versjon på 2:46 (som startar halvvegs i trompetsoloen) vart gjeven ut som promosingel, og denne kom ut i 2007 på The Best of Chicago: 40th Anniversary Edition.

Ein konsertversjon på Chicago at Carnegie Hall syner ein utvida versjon av «fri form»-introen, og er der eit eige spor.

I andre media I filmen Little Nicky frå 2000, vert songen spelt baklengs på ein platespelar og ein kan høyre ei (falsk) satanisk melding. Songen vert ofte nytta i morgonshowet Morning Joe. Songen er ein av mange Chicago-songar som vert nytta i HBO-filmen Clear History. Ein kan høyre eit kort klipp av songen i David O. Russell-filmen American Hustle frå 2013.

Medverkande Robert Lamm - solovokal, piano, dialog Terry Kath - korvokal, elektrisk gitar Peter Cetera - korvokal, bassgitar Danny Seraphine - trommer Lee Loughnane - trompet James Pankow - trombone Walter Parazaider - tenorsaksofon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Does Anybody Really Know What Time It Is?» frå , den 20. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Chicago-songar Kategori:Songar skrivne av Robert Lamm Kategori:Songar produserte av James William Guercio Kategori:Columbia Records-singlar