Vik er ein gard sentralt i Fitjar kommune, nordaust for Storavatnet. I aust ligg Tveitafjellet, i sør garden Tveita og i nord ligg Rimbareid. Garden er kalla opp etter vika han ligg ved i Storavatnet.
Historie Garden er truleg av dei eldste i Fitjar og det er gjort mange fornfunn her. Det er mellom anna funne tre mannsgraver med rikt gravgods, som ein torshammar i sølv, ei dvergøks frå yngre jernalder, smelta bronse og ein celt frå eldre jernalder. Det er òg funne flintskrape, flint, slipt skifer, steinhakke og skaftholhakke.
Kjelder
Vik på norgeskart.no
Kategori:Gardar på Fitjar