Walter Maynard Ferguson () var ein kanadisk jazzmusikar og bandleiar. Han vart kjend då han spelte i orkesteret til Stan Kenton, før han danna sitt eige band i 1957. Han var kjend for banda sine, som ofte var eit springbrett for lovande talent, og at han klarte å spele utrykksfullt og nøyaktig i eit særs høgt register.

Biografi

Etter å ha leia sitt eige storband i Montreal, kom Ferguson til USA i 1949 med håp om å bli med i orkesteret til Kenton, men det ensemblet hadde akkurat blitt oppløyst. I staden fekk Ferguson erfaring med å spele med storbanda til Boyd Raeburn, Jimmy Dorsey og Charlie Barnet. I 1950 vart Kenton sitt Innovations Orchestra danna, og Ferguson vart ei stjerne, då han spelte særs høge tonar lett som berre det. I 1953 forlet han Kento for å arbeide i studio i Los Angeles og tre år seinare leia han stjernebandet Birdland Dreamband. I 1957 sette han saman eit fast storband som varte fram til 1965, og spelte fast for Roulette. Musikarar som Slide Hampton, Don Ellis, Don Sebesky, Willie Maiden, John Bunch, Joe Zawinul, Joe Farrell, Jaki Byard, Lanny Morgan, Rufus Jones, Bill Berry og Don Menza var berre nokre av dei han spelte med.

Etter at økonomiske vanskar tvang han til å gje opp det imponerande bandet, var Ferguson i fleire år berre delvis aktiv musikar og var ei tid i India, før han starta eit nytt band i England. Etter å ha flytta attende til USA gjekk Ferguson den kommersielle vegen i 1974. Jazzfansen var forferda av dei smaklause innspelingane med versjonar av songar som kjenningsmelodiane frå Star Wars og Rocky. Etter å ha kutta ned på det store orkesteret sitt tidleg i 1980-åra, spelte Ferguson inn noko bop i 1983 og leia funkbandet High Voltage i 1987-1988, før han gjekk attende til jazz med Big Bop Nouveau Band, eit mellomstort band som han turnerte verda rundt med før han døydde av nyre- og leversvikt den 23. august 2006.

Diskografi 1954 - Jam Session featuring Maynard Ferguson (EmArcy) 1954 - Jam Session (EmArcy) - med Clifford Brown og Clark Terry 1954-55 - Dimensions (EmArcy) 1955 - Maynard Ferguson Octet (EmArcy) 1955 - Maynard Ferguson's Hollywood Party (EmArcy) 1955 - Around the Horn 1956 - The Birdland Dream Band, Vol. 1 1957 - The Birdland Dream Band, Vol. 2 1957 - Boy with Lots of Brass 1958 - Swingin' My Way Through College 1958 - A Message from Newport 1959 - A Message from Birdland 1959 - Plays Jazz for Dancing 1960 - Newport Suite 1960 - Maynard '61 1960 - Double Exposure (med Chris Connor) 1961 - Let's Face the Music and Dance 1961 - "Straightaway» Jazz Themes 1961 - Two's Company (med Chris Connor) 1962 - Maynard '62 1962 - Si! Si! M.F. 1962 - Message from Maynard 1963 - Maynard '63 1963 - Maynard '64 1964 - The New Sounds of Maynard Ferguson 1964 - Come Blow Your Horn 1964 - Color Him Wild (Mainstream) - gjeve ut på nytt som Dues 1964 - The Blues Roar (Mainstream) - gjeve ut på nytt som Screamin' Blues 1965 - The Maynard Ferguson Sextet (Mainstream) - gjeve ut på nytt som Six By Six and as Magnitude with bonus spor 1966 - Ridin' High 1968 - Trompet Rhapsody (gjeve ut på nytt som «Maynard Ferguson 1969") 1969 - The Ballad Style of Maynard Ferguson 1970 - M.F. Horn (òg gjeve ut som The World of Maynard Ferguson) 1971 - Mainard Ferguson (òg gjeve ut som Alive and Well in London) 1971 - Screamin' Blues 1972 - M.F. Horn Two 1973 - M.F. Horn 3 1974 - M.F. Horn 4&5: Live At Jimmy's 1974 - Chameleon 1976 - Primal Scream 1977 - Montreux Summit Vol 1 1977 - Montreux Summit Vol 2 1977 - Conquistador 1977 - New Vintage 1978 - Carnival 1979 - Uncle Joe Shannon 1979 - Hot 1980 - It's My Time 1982 - Hollywood 1983 - Storm 1984 - Live from San Francisco 1986 - Body and Soul 1987 - High Voltage, Vol. 1 1988 - High Voltage, Vol. 2 1990 - Big Bop Nouveau 1991 - Magnitude (nyutgjeving av Maynard Ferguson Sextet) 1992 - Footpath Cafe 1993 - Live from London 1994 - These Cats Can Swing 1994 - Complete Roulette Recordings 1996 - One More Trip to Birdland 1998 - Brass Attitude 1999 - Big City Rhythms (med Michael Feinstein) 2001 - Swingin' for Schuur (med Diane Schuur) 2004 - All Stars Jam Session (Dinah Washington Jam Session) 2006 - M.F. Horn VI: Live at Ronnie's 2007 - Sextet 1967 (studioopptak for CBC) 2007 - Orchestra 1967 (studioopptak for CBC) 2007 - The One and Only 2012 - Complete Cameo Recordings

Som sidemann med Georgie Auld In the Land of Hi-Fi with Georgie Auld and His Orchestra (EmArcy, 1955) med Dinah Washington Dinah Jams (Emarcy, 1954) med Russ Garcia Four Horns and Lush Life (Japan) (Bethlehem TOCJ-62052) Russ Garcia and his Four Trombone Band (Fresh Sound Records FSR 2208) med Tito Puente Special Delivery Featuring Maynard Ferguson (Concord, 1996)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Maynard Ferguson» frå , den 28. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Kanadiske jazz-bandleiarar Kategori:Kanadiske jazztrompetistar Kategori:Kanadiske trompetistar Kategori:Hard bop-trompetistar Kategori:Jazz-pop-trompetistar Kategori:Musikarar frå Montreal Kategori:Canadian Music Hall of Fame