mini|Skøytelegenda Oscar Mathisen Oscarstatuetten er ein heiderspris som blir delt ut innan hurtigløp på skøyter. Prisen er til minne om skøyteløparen Oscar Mathisen og har sidan 1959 vore tildelt av Oslo Skøiteklub som ei markering av den største skøytebragden i sesongen. Statuetten er ein miniatyr av Åre Durban sin statue av Oscar Mathisen, som står utanfor Frogner stadion. Utdelinga har tradisjonelt skjedd i samband med Oscarløpet like før jul, men er i seinare år blitt flytta til større skøyteløp i Vikingskipet på Hamar.

Historie Valet av den største skøytebragden har hovudsakleg bygd på prestasjonar frå internasjonale meisterskapar som EM på skøyter, allround for damer og herrar, VM på skøyter, allround for damer og herrar, OL-medaljar for damer og herrar. Sidan 1996 har òg VM på enkeltdistanser for damer og herrar vore med i vurderingane. Verdsrekordløp kan vera avgjerande for utfallet. Verdscupen og internasjonale løp i Noreg er òg med i vurderinga. Tidlegare var prestasjonar i landskampar der Noreg var involvert òg sentrale, men slike landskampar eksisterer ikkje lenger.

Dei åtte første åra, fram til 1967, kunne ikkje ein utøvar vinna trofeet meir enn éin gong. Dermed kunne ikkje til dømes den første mottakaren av statuetten, Knut Johannesen, bli tildelt stauetten ein ny etter den fantastiske 10 000-meteren sin i Vinter-OL 1960. Tilsvarande kunne heller ikkje svenske Jonny Nilsson få oscarstatuetten etter VM-gullet i 1963.

Etter at statuetten frå 1967 kunne delast ut fleire gonger til same utøvar, har sju utøvarar motteke meir enn éin Oscar. Eric Heiden har fire, som han mottok fire år på rad frå 1977 til 1980. Ard Schenk, Johann Olav Koss og Gunda Niemann har tre kvar. Kees Verkerk vart den første med to trofé i 1967. To har òg Sten Stensen og svenske Tomas Gustafson, som mottok statuetten med seks års mellomrom i 1982 og i 1988.

Gunda Niemann er den einaste kvinna med meir enn éin statuett, og sit med tre av ti statuettar tildelt kvinner. Dei fire tyske statuettane er alle tildelt kvinner.

Statuetten blei berre gjeven til menn heilt fram til 1987, og Bonnie Blair var den første kvinna som mottok trofeet i 1992. Sidan har fem kvinner til teke imot Oscarstatuen.

I 2008 fekk den canadiske sprinteren Jeremy Wotherspoon den femtiande Oscarstatuetten i rekkja. Han var då den femte reindyrka sprinteren som mottok prisen, etter Jevgenij Kulikov frå Sovjetunionen (1975), Gaétan Boucher frå Canada (1984), Bonnie Blair frå USA (1992) og Hiroyasu Shimizu frå Japan (2001).

Oversyn over vinnarar mini|Fred Anton Maiar fekk statuetten i 1968 mini|Ard Schenk fekk statuetten tre gonger, i 1970, 1971 og 1972 mini|Johann Olav Koss fekk statuetten tre gonger, i 1990, 1991 og 1994 mini|Rintje Ritsma fekk statuetten i 1999 mini|Jochem Uytdehaage fekk statuetten i 2002 mini|Anni Friesinger fekk statuetten i 2003 mini|Chad Hedrick fekk statuetten i 2004 mini|Sven Kramer fekk statuetten i 2007 ÅrNamnKlubb/nasjonalitetNasj.Vesentlege prestasjonar1959 Knut Johannesen Arbeidernes Skøyteklubb Europameister1960 Boris Stenin Sovjetunionen Verdsmeister1961 Henk van der Grift Nederland Verdsmeister1962 Jonny Nilsson Sverige Vann 10 000 m med 15 sekund under VM i Moskva.1963 Nils Aaness Oslo Skøiteklub Verdsrekord samanlagt og europamiester1964 Ants Antson Sovjetunionen Verdensrekord på 3 000 m, OL-gull og europamester1965 Per Ivar Moe Oslo Idrettslag Verdsmeister1966 Kees Verkerk Nederland Verdsmeister1967 Kees Verkerk Nederland Verdsmeister1968 Fred Anton Maier Tønsberg Turn OL-gull, verdsmeister og europamester 1969 Dag Fornæss Hamar Idrettslag Verdsmeister og europamiester1970 Ard Schenk Nederland Verdsmeister og europameister1971 Ard Schenk Nederland Verdsmeister1972 Ard Schenk Nederland Verdsmeister, europameister og 3 OL-gull 1973 Göran Claeson Sverige Verdsmeister og europameister1974 Sten Stensen Drammens Skøiteklub Verdsmeister1975 Jevgenij Kulikov Sovjetunionen Fire verdsrekordar på 500 m - forbeta rekorden med eitt sekund (fra 38,0 til 37,00)1976 Sten Stensen Drammens Skøiteklub OL-gull og verdsrekord på 10 000 m 1977 Eric Heiden USA Verdsmeister1978 Eric Heiden USA Verdsmeister1979 Eric Heiden USA Verdsmeister1980 Eric Heiden USA 5 OL-gull1981 Amund Sjøbrend Hamar Idrettslag Verdsmeister og europameister1982 Tomas Gustafson Sverige Europameister1983 Rolf Falk-Larssen Trondhjems Skøiteklub Verdsmeister1984 Gaétan Boucher Canada 2 OL-gull1985 Hein Vergeer Nederland Verdsmeister1986 Geir Karlstad Lillestrøm Sportsklubb Verdsrekordar på 5 000 m og 10 000 m 1987 Nikolaj Guljajev Sovjetunionen Verdsmeister og europamester1988 Tomas Gustafson Sverige OL-gull på 5 000 m og 10 000 m og europameister1989 Leo Visser Nederland Verdsmeister og europameister1990 Johann Olav Koss Sk-94 Verdsmeister1991 Johann Olav Koss Sk-94 Verdsmeister og europameister1992 Bonnie Blair USA OL-gull på 500 m og 1000 m 1993 Falko Zandstra Nederland Verdsmeister og europameister1994 Johann Olav Koss Sk-94 OL-gull på 1 500 m, 5 000 m og 10 000 m 1995 Gunda Niemann Tyskland Verdsmeister1996 Gunda Niemann Tyskland Verdsmeister1997 Gunda Niemann Tyskland Verdsmeister allround og på VM enkeltdistansar1998 Ådne Søndrål Hol Idrettslag OL-gull på 1 500 m1999 Rintje Ritsma Nederland Verdsmeister2000 Gianni Romme Nederland Verdsmeister2001 Hiroyasu Shimizu Japan Verdsmeister i sprint2002 Jochem Uytdehaage Nederland OL-gull 5 000 m og 10 000 m og verdsmeister2003 Anni Friesinger Tyskland Europameister og VM enkeltdistansar på 1 000 m, 1 500 m og 3 000 m2004 Chad Hedrick USA Verdsmeister og verdsrekord samanlagt2005 Shani Davis USA Verdsmeister2006 Cindy Klassen Canada Verdsmeister2007 Sven Kramer Nederland Verdsmeister2008 Jeremy Wotherspoon Canada Verdsmeister og flere verdsrekordar på 500 meter, den siste på 34,05 sek.2009 Shani Davis USA To verdsrekordar (1 000 m og 1 500 m) på to dagar.2010 Martina Sáblíková Tsjekkia Siger på 3 000 m og 5 000 m i OL, VM og EM.2011 Bob de Jong Nederland Siger på 10 000 m under VM enkeltdistansar med tida 12.48,20.2012 Christine Nesbitt Canada Ny verdsrekord på 1 000 m under Sprint-VM 2012 med 1.12,68.2013 Ireen Wüst Nederland Det første 3 000 meterløpet under 4 minutt på låglandsbane i verdscupfinalen 2012/13 med 3.58,68.2014 Jorrit Bergsma Nederland OL-gull og det raskaste 10 000 meterløp på låglandsbane med 12.44,45.2015 Brittany Bowe USA Gull i enkeltdistanse-VM på 1 000 meter og den raskeste tida på ein europeisk bane; første løpar på 1 000 meter under 1.14 blank med 1.13,90.2016 Ted-Jan Bloemen Canada Ny verdsrekord på 10 000 meter. 2017 Sven Kramer (2) Nederland Gull i enkeltdistanse-VM på  meter og tidenes raskeste på lavlandsbane (12.38.89). 2018 Håvard Holmefjord Lorentzen Fana Idrettslag OL-gull på 500 meter. 2019 Kjeld Nuis Nederland Ny verdsrekord på meter i verdscupfinalen 2018/19. 2020 Natalja Voronina Russland Ny verdsrekord på meter i enkeltdistanse-VM 2020. 2021 Nils van der Poel Sverige Ny verdsrekord på meter i enkeltdistanse-VM 2021. 2022 Nils van der Poel (2) Sverige For sin meter under OL i Beijing. 2023 Jordan Stolz USA For tre distanseseirar i VM enkeltdistansar i Heerenveen i Nederland 3. til 5. mars 2023. 2024 Jordan Stolz (2) USA 2025 Davide Ghiotto Italia Ny verdsrekord på meter i Calgary i Verdscup 3 – 2024/25. 2026 Sander Eitrem Noreg Ny verdsrekord på meter (første løp under seks minutt på distansen) i Inzell i Verdscupfinalen – 2025/26.

Statistikk

Nasjonsfordeling Oscarstatuetten blei utdelt for 50. gong i 2008, då til canadieren Jeremy Wotherspoon. Statuettane er tildelt løparar frå ni nasjonar etter følgjande fordeling: # Land Mengd Trofé Løparar 1 Nederland 16 13 2 Noreg 14 11 3 USA 9 5 4 Canada 5 5 5 Tyskland 4 2 - Sovjetunionen 4 4 - Sverige 4 3 8 Japan 1 1 - Tsjekkia 1 1

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Oscarstatuetten» frå , den 12. desember 2016. Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad ved skoytemuseet.no

Kategori:Lengdeløp på skeiser Kategori:Norske idrettsprisar