Nora Brockstedt (), offisielt namn Nora Riis, jentenamn Nora Berg, var ein norsk artist.

Brockstedt debuterte på Chat Noir i 1943, og i dei to neste tiåra vart ho ein av landet sitt mest populære og underhaldarar. Brockstedt platedebuterte den 21. februar 1945 saman med Oddvar Sanne, som «Harmony Duo», med Kristian Haugers orkester. Dei song inn «Kanskje engang tilbake den komme» / «Enn en gang skal fuglene synge». (Telefunken T-8340.) På 1950-talet fekk ho ei rekkje store slagerar og opptredde jamleg på radio med blant anna «En lite pike i lave sko», «Augustin» og ikkje minst «Tango for to». Frå 1950 til 954 var ho medlem av songkvintetten «The Monn Keys» saman med Arne Bendiksen, Per Asplin, Oddvar Sanne, Fredrik Conradi og Sølvi Wang. Egil Monn-Iversen hadde den musikalske leiinga i gruppa.

Nora Brockstedt debuterte for Noreg i Eurovision Song Contest i 1960, der ho kom på ein 4. plass. Ho deltok igjen i 1961.

Brockstedt spelte inn plater på merka Musica og RCA Victor for Nera, men i 1960 skifta ho selskap til Egil Monn-Iversen A/S og merkt Karusell.

I 2004 utkom albumet As Time Goes By på etiketten Jazzavdelinga. I 2005 følgde ho opp med julealbumet Christmas Songs på same etikett og gav i samband med sin 85-års dag 20. januar 2008 ut albumet Nora – for swingande! på etiketten Park Grammofon.

Nora Brockstedt var gift med songtekstforfattaren Arne Riis, som døydde i 2009.

Brocktedt gjekk bort etter kort tids sjukeleie 5. november 2015.

Prisar og utmerkingar Kongen sin fortjenstmedalje i gull (1995)Nora Brockstedt hos Norsk Biografisk Leksikon Heidersprisen til juryen under Spellemannprisen 1974 Gammleng-prisen som veteran i 1983 Alf Prøysens Ærespris i 1997 Norsk Artistforbunds Ærespris i 2002

Nora Brockstedt som deltakar i Melodi Grand Prix ÅrTittelPlassering i den norske finalenPlassering i den internasjonale finalen1960Voi VoiNr. 1Nr. 41961Snu deg omNr. 21961Sommer i PalmaNr. 1Nr. 71963DrømmekjolenNr. 41963Solhverv *Nr. 11965Med lok og lurNr. 21965Bare det aller, aller besteNr. 31968Nysgjerrig-PerNr. 21968NordlysNr. 31977Mærra has sitt Ka'lNr. 5 i semifinale1977SpringarenNr. 6 i semifinale

Filmografi 1979 Jul i Skomakergata (TV) – Fru Enebær 1968 Mannen som ikke kunne le 1954 Portrettet – Kvinne i Solsund Sangkor (The Monn Keys) 1953 Brudebuketten 1952 Det kunne vært deg – Syngande dame

Sjå òg Eurovision Song Contest 1960 Eurovision Song Contest 1961

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nora Brockstedt» frå , den 7. november 2015.

Bakgrunnsstoff Lydsnutt med Nora Brockstedt finst på www.mic.musikkonline.no Fil:Loudspeaker.svg

Kategori:Norske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 1960-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 1961-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix-deltakarar Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Vinnarar av Alf Prøysens Ærespris