Troms og Finnmark mållag er fylkeslaget for Noregs Mållag for Troms og Finnmark.
I 2025 hadde laget 271 medlemmar.
Historie
1860-1915
Organisert målarbeid i Troms og Finnmark går tilbake til før Noregs Mållag blei skipa i 1906.
Dei første målfolka finn vi ved Tromsø Seminarium alt i 1860-åra. Elias Blix hadde gått ut her i 1855, men møtte ikkje landsmålet før han kom til Kristiania. Det same gjaldt John Klæbo som gjekk ut i 1861. I 1860-62 var Karl Akre elev her. I 1872-74 var Ananias Brune seminarist, og saman gav desse to ut bladet Finnmarkingen i Vadsø i 1875, på landsmål og finnmarksmål. Olaus J. Myrnes (1870-72), Jens Riksheim (1871-73), Peter Karl Eberg Pedersen (1872-74) og Leonhard Næss (1872-74) var også ivrige målfolk mens dei gjekk på Tromsø Seminarium. 17. april 1898 blei mållaget Heimhug skipa ved lærarskolen i Tromsø.
Det første forsøket på å skipe eit regionalt mållag, blei gjort i 1899. 16. juli 1899 blei Nordmannalaget skipa i Tromsø. Det skulle vere eit landsdelslag for Nord-Noreg på line med Austmannalaget og Vestmannalaget. Til leiar blei T. Eidem, Tromsø, valt. Men Nordmannalaget fekk kort levetid.
1915-1921
«Trums Fylkesmaallag» blei skipa på eit ungdomsstemna som Troms ungdomsfylking heldt på Finnsnes 12. juli 1915. Til styre blei vald lærar Ingvald M. Rødvik, Lenvik, formann, bladstyrar Rasmus Larsen Eide, Harstad, fylkeskolelærar Inggjald Leigland, Lyngseidet, Mikal Jakobsen, Årstein i Gratangen, og lærar Peder Johan Hartviksen, Skånland. 29 medlemmar teikna seg straks.
31. juli 1915 heldt fylkesmållaget det første ordinære årsmøtet sitt på Harstad. Fylkesskolelærar Inggjald Leigland frå Lyngseidet blei vald til formann. Med seg i styret fekk han sanitetsmajor Ingjald Reichborn-Kjennerud, som heldt til på Harstad i åra 1911-1918, og sorenskrivar Harald Thomas, som var på Ibestad frå 1915 til 1930. I styret sat i tillegg også Tøger Hagemann, Tromsø, som var skoledirektør i Troms frå 1915 til 1930, og Hans Nicolai Osnes, som var skoleinspektør i Tromsø frå 1914 til 1918.
Det neste ordinære årsmøte med stemna blei halde i Bardu 29. og 30. juli 1916. Styret blei i stor monn attvalt: Fylkesskolelærar Inggjald Leigland, Lyngseidet, blei attvalt til formann. Skoledirektør Tøger Hagemann, Tromsø, blei vald til varaformann. Til styremedlemmar blei vald skoleinspektør Hans Nicolai Osnes, Tromsø, bladstyrar Rasmus Larsen Eide, Harstad, og sorenskrivar Harald Thomas, Ibestad.
Dei fem første åra blei det halde fleire stemne: eitt stemne i Bardu, to på Finnsnes, eitt i Kvæfjord, eitt på Trondenes, eitt i Sørvika, to i Tromsø og eitt stemne i Øverbygd. På stemna møtte det jamleg 2-300 menneske. Det var alltid gudsteneste på landsmål og eit eller fleire foredrag om målsaka. Dei første fem åra blei det halde rundt 75 foredrag med 9-10.000 tilhøyrarar.
Dei første åra blei det skipa fleire mållag: Finnsnes mållag (1914), mållaget Heimferd, Sørreisa (1914), Måltrasten, Fauskevåg (1917), mållaget Trollvasstind, Svensby (1917), Kvedfjord maallag (1917), mållaget Ruten, Øverbygd (1920). Kvedfjord og Heimferd sovna straks inn. I tillegg meldte fleire ungdomslag seg inn i fylkesmållaget i åra 1915-20: ungdomslaget Fram, Grøtavær, ungdomslaget Soleia, Buvikvoll, Bondeungdomslaget i Tromsø, elevlaget Solhov, Lyngseidet.
Skolestyrar Inggjald Leigland, Lyngseidet, var formann i 1920, og med seg i styret dette året hadde han skoledirektør Tøger Hagemann, Tromsø, overlærar Vilhjelm Riksheim, Tromsø, lærar Oluf Nymoen, Fauskevåg, og fylkesskolelærar Ove Normann, Ibestad.
Det blei ikkje kalla inn til årsmøte i fylkesmållaget i 1921, og i praksis blei laget dermed lagt ned. I staden blei Hålogalands målkontor skipa 12. september 1922 skipa, og det var i drift fram til 1940.
1932-1940
I samband med årsmøtet i Troms ungdomsfylking på Bjarkøya 9.juli 1932 blei arbeidet i Troms fylkesmållag tatt opp att, og nytt styre blei valt. Til formann blei vald Sigurd Fauskevåg, Sandtorg. I 1933 tok Norvald Dyrvik over som formann, og deretter var Edvard Ruud, Elgsnes, formann frå 1936. I praksis slutta fylkesmållaget å fungere i 1940.
1947-i dag
Troms fylkesmållag blei oppattskipa på eit møte i Tromsø i 1947, og laget har sidan vore i jamnt arbeid.
I samband med at det blei skipa mållag i Finnmark, og desse blei ein del av fylkesmållaget, endra laget i 1992-93 namnet sitt til Troms og Finnmark mållag.
Leiarar
Formenn i Trums fylkesmaallag 1915-1921
1915: Ingvald M. Rødvik, Lenvik 1915-1921: Inggjald Leigland, Lyngseidet
Formenn i Troms fylkesmållag 1932-1940
1932-1933: Sigurd Fauskevåg, Sandtorg 1933-1936: Norvald Dyrvik, Evenskjer 1936-1940: Edvard Ruud, Elgsnes
Leiarar i Troms fylkesmållag frå 1947 til 1992
1947-1953: Olav Løkse, FinnfjordbotnOlav Løkse blei vald til formann på Måltinget 31.10.1947 og attvald på årsmøta 14.4.1949, 24.6.1951 og 29.6.1952.Tromsø, lørdag 1. november 1947: "Troms mållag" 1954-1963: Jens Heim, Balsfjord/TromsøJens Heim blei vald til formann på årsmøte 13.6.1954 og attvald på årsmøta 2.7.1955, 30.6.1956, 29.6.1957 og 5.7.1958.Nordlys, onsdag 6. juli 1955, side 3: «Jens Heim attvald som form. i Fylkesmållaget» 1964-1970: Olav Løkse, FinnfjordbotnOlav Løkse blei vald til formann på årsmøte 12.9.1964 og attvald på årsmøta hausten 1966, 4.2.1968 og 4.5.1969Fremover, torsdag 17. september 1964, side 3: «Troms fylkesmållag reorganisert. Rektor Olav Løkse, Finnfjordbotn, ble valgt til ny formann i Troms Fylkesmållag under et møte i Tromsø laurdag. (…)» 1971-1972: Johan Nymo, MålselvJohan Nymo blei vald til formann på årsmøte 26.6.1971. 1973-1974: Herolv Olsen, TromsøHerolv Olsen blei vald til formann på årsmøte 17.6.1973 og attvald på årsmøte 3.6.1974.Nordlys, onsdag 20. juni 1973: "Formannsskifte i Troms Fylkesmållag" 1975-1976: Kjellaug Jetne, TromsøKjellaug Jetne blei vald til formann på årsmøte 9.3.1975 og attvald på årsmøte 4.4.1976.Nordlys, lørdag 22. mars 1975, side 3: «Interessa for målarbeid aukar. (…) Forkvinne: Kjellaug Jetne, (…)» 1977-1980: Ørjan B. Dahl, Tromsø (Målselv)Ørjan B. Dahl blei vald til formann på årsmøte 17.4.1977 og attvald på årsmøta 18.6.1978, 1979 og 7.6.1980.Nye Troms, lørdag 17. juni 1978: "Troms fylkesmållag: 10% medlemsaukeTromsø, fredag 13. juni 1980: «Årsmøtet i Troms fylkesmållag» 1981-1983: Kurt Reinhardt, MålselvTroms Fylkesmållag: Årsmelding 1983 1984-1986: Herolv Olsen, TromsøTroms Mållag: Årsmelding 1984 1987-1988: Liv Ingebrigtsen, Tromsø 1989-1991: Bjørnar Østgård, Tromsø
Leiarar i Troms og Finnmark mållag frå 1992 til i dag
1992-1994: Aud-Kirsti Pedersen, TromsøNorsk tidend: medlemsblad for Noregs mållag. juli 1992: "Aud Kirsti Pedersen ny leiar i Troms og Finnmark" Referat frå årsmøtet 27.3.1993 1994-1998: Steinar Aas, TromsøTromsø, torsdag 24. mars 1994: "Ny mållags-leder"Årsmelding for Troms og Finnmark mållag 1993 [Styre for 1994]Årsmelding for Troms og Finnmark mållag 1994-95 1998-1999: Trond Trosterud, TromsøNordlys, onsdag 10. juni 1998: "Årsmøte i Troms og Finnmark Mållag" 1999-2004: Bjørnar Østgård, Tromsø 2004-2006: Trond Trosterud, Tromsø 2006-2008: Olaug Husabø, Tromsø 2008-2010: Sigrun Høgetveit Berg, TromsøNorsk tidend: medlemsblad for Noregs mållag. 2008 Nr. 3: "Ny leiar i aust og nord" 2010-2011: Inger Johanne Sæterbakk, Tromsø 2011-2013: Øystein Vangsnes, Tromsø 2013-2015: styret i Tromsø mållag (ingen leiar) 2015-2017: Sæmund Stokstad, Tromsø 2017-2026: Magne Leon Heide, Harstadi Tromsø, 6. mai 2019: "Stor medlemsvekst i mållaget i Troms og Finnmark" 2026-: Astrid Vetrhus, Vadsø SPRÅK I NORD (blogg): "Aktivt fylkesmållag"
Medlemslag og lokale mållag
Balsfjord Mållag Harstad og omland mållag Målselv Mållag Senjamållaget Studentmållaget i Tromsø Tromsø mållag Varanger mållag
Lokale mållag i Troms og Finnmark før 1945Lockertsen 1982, side 250-252 nb.no
Vardø mållag skipa vinteren 1898.Den 17de Mai 13. april 1898: "Fraa Vardøy" nb.no Mållaget Heimhug ved Tromsø lærarskole, skipa 17. april 1898.Mållaget Heimhug 1898-1923. Festskrift nb.no Nordmannalaget, skipa 16. juli 1899.Den 17de Mai 25. juli 1899: "Nordmannalaget" nb.no Trumsøy maallag, skipa 13. desember 1899 med skoledirektør Aas til formann.Den 17de Mai 15. desember 1899: "Maallag i Trumsøy"Tromsø, tirsdag 19. desember 1899: "Et Maallag" Vadsø maallag, skipa i 1907, uvisst kor lenge det var i verksemd. Ibestad mållag, skipa påskekvelden 1908 med M. Jakobsen til formann, lagt ned etter kort tid. Salangen mållag, skipa i 1909,Senjens Blad, lørdag 6. mars 1909" men i drift berre kort tid; oppattskipa 23. juli 1933 med Olav Løkse til formann.Troms Folkeblad 20. november 1979: "Nytt mållag i Salangen" nb.no; "Årsmelding 1933, Salangen mållag": laget skipa 1933, leiar Olav Løkse, Øvre Salangen (i NM-arkivet) Lenvika maallag, høyrer vi første gong om i august 1909,Senjens Blad, lørdag 31. juli 1909 og siste møtet høyrer vi om i juni 1915.Senjens Blad, lørdag 26. juni 1915 Laget gjekk truleg inn i Finsnes maallag. Mållaget «Heimferd» i Sørreisa, skipa 23. mars 1914 med Ivar Andersen til leiar, og lagt ned då han døydde i 1917.Arkiv for norsk målreising, Peder Hovdan-arkivet: Sørreisa"Eit utdrag av femaarsmeldinga til Troms fylkesmållag 1915-1920", Mål og Makt nr 3, 1976, side, 19 Finsnes maallag, skipa i 1914 og lagt ned før 1920, laget hadde over 60 medlemmar i 1917,17de mai, fredag 11. mai 1917 og laget arrangerte bl.a. målstemna for Troms fylkesmållag i juni 1919.Senjens Blad, lørdag 21. juni 1919 Lyngseidet mållag, skipa i 1914 og lagt ned etter kort tid. Mållaget «Trollvasstind», Svensby i Ullsfjord, skipa i 1917.Emil Larsen: Lyngen bygdebok. 1 : Lyngen prestegjelds historie. Tromsø 1976, side 365 Laget gjekk etter kort tid til å bli ungdomslag.Formann 1918: Lærar A.B.Botholfsen; Svensby, ifl. "Aarsmelding for maallaget Trollvasstind 1918" (Kjelde: NM-arkivet)Arkiv for norsk målreising, Peder Hovdan-arkivet: (Sørfjorden) / Ullsfjord «Måltrasten» i Fauskevåg, tidlegare Sandtorg kommune, skipa i 1917Den 17de Mai 12. februar 1919: "Eit lite mønstermaallag" nb.no og lagt ned i 1950-åra. Kvedfjord mållag, skipa i 1917Den 17de Mai 25. april 1917: "Maalvoksteren" nb.no og lagt ned før 1920.Arkiv for norsk målreising, Peder Hovdan-arkivet: Kvæfjord Ungdoms- og mållaget «Solleia», Buvika på Kvaløya, skipa i 1919. Lars Berg var aktiv medlem her. Laget var også innmeldt i Troms ungdomsfylking.Midnattsol, 19. juli 1923 Laget var i drift til utpå 1930-talet.Tromsø, 15. juli 1932: “Trekningsliste for ul Solleia, Buvikvoll”Midnattsol, 12. januar 1933: “Brevkveld” Mållaget «Ruten» i Øverbygd, skipa 1. april 1920 og lagt ned etter kort tid. Formann var lærar D. I. Lie, dei andre i styret var Leiv Lund og Bernhard E. Haug. Bondeungdomslaget i Tromsø var også medlem i Troms fylkesmållag frå rundt 1920. Elevlaget Solhov ved Solhov ungdomsskole, Lyngseidet, var medlem i Troms fylkesmållag frå rundt 1920. Bardu mållag, skipa i 1924, truleg lagt ned etter kort tid, oppattskipa i 1956. Troms mållag, skipa 22. november 1927 og i arbeid til 1936, oppattskipa etter krigen. Sandtorg mållag, skipa 10. juni 1930 med lærar Sigurd Fauskevåg til formannAarsmelding 1933 (i NM-arkivet), leiar: Bendiks HeideMidnattsol 12. juni 1930 og lagt ned før 1950. Straumsbukta mållag skipa 16. mai 1931 og lagt ned før 1940.Arkiv for norsk målreising, Peder Hovdan-arkivet: Tromsøysund Hålogaland lærarmållag, skipa 7. juli 1932, gjekk inn i Noregs Lærarmållag. Berg mållag, Berg i Senja, skipa i 1932.Midnattsol, 1. september 1932 Hillesøy mållag, skipa 14. mai 1936 med lærar Aksel Strand, Botnhamn, til leiar.Brev 23.5.1936 frå Aksel Strand, Tulleng til Noregs Mållag:" Den 14 d.m. blei det her i Sommarøy skipa eit mållag med namnet Hillesøy mållag. Laget er på 24 lagsmenner. Som formann blei underskrivne vald" (Kjelde: NM-arkivet) Finnsnes mållag, skipa hausten 1935 med lærar Simon Eriksen til formann; gjekk truleg inn i Sør-Lenvik mållag.