«Driving Home for Christmas» er ein populær song skriven av Chris Rea og gjeven ut i 1986. Singelen nådde 53. plassen på den britiske singellista i 1998 og gjekk inn att på lista i 2007, då han gjekk opp til 33. plassen. Sjølv om han ikkje har nådd høge plasseringar, har han nesten kvar jul gått inn på topp 40 på singellista.
Han er blitt nytta i julereklamar for supermarknadkjeden Iceland i 1997, 1998 og 2011, siste året i ein versjon av Stacey Solomon. Ein alternativ versjon av singelen vart gjeven ut i Japan som «Snow».
Bakgrunn
I eit intervju på BBC Radio 4-programmet Today den 16. desember 2009 sa Rea at han skreiv «Driving Home for Christmas» mange år før han spelte songen inn. Kona hans hadde kome ned til London for å køyre han heim til Middlesbrough i sin Austin Mini fordi det var billigare enn å ta toget. Inspirasjonen til songen kom då ho og Rea sat fast i tett trafikk på veg ut av London med ein lang køyretur til Middlesbrough før seg. Rea sa «Driving Home for Christmas» er ein «bilversjon av ein julesong».
Musikkvideo I 2009, 21 år etter songen kom ut, vart det laga ein musikkvideo til songen til støtte for den veldedige organisasjonen Shelter. Alle inntektene frå videoen gjekk til organisasjonen. Det var med fleire kjendisar i videoen, som Martin Shaw, Mike Read, David Hamilton, Kristian Digby, Gail Porter, Lizzie Cundy, Kenny Thomas, Ewen MacIntosh, Carol Decker, Matt Di Angelo, Mark Brennan, Giles Vickers-Jones og Lionel Blair. Rea sa om prosjektet, «eg ønskte å gjere noko spesielt denne jula og kva er betre enn å hjelpe folk å få tak over hovudet når dei treng det som mest - i jula. I lag med Shelter håpar me at få det til.»
Ein annan video syner ein isbjørn som køyrer ein bil på ein trafikkert veg på julaftan på veg heim til kona og sonen.
Innhald
Lister ListePlasseringAusterrike (2007)35Belgia (1986)22Danmark (Tracklisten) (2007)19Finland (1999)17Tyskland (Media Control) (2008)31Irland (IRMA) (1988)28Nederland (MegaCharts) (2008)17Noreg (VG-lista) (2008)2Sverige (Sverigetopplistan) (2010)26Sveits (Swiss Music Charts) (2009)41Storbritannia (Official Charts Company) (2007)33
Stacey Solomon-versjonen
Songaren og programleiaren Stacey Solomon spelte inn songen i 2011 og gav han ut den 18. desember 2011 som den første singelen hennar. Han var opphavleg meint å nyttast berre i reklamefilmar for supermarknadkjeden Iceland, men vart gjeven ut som singelen då han vart mykje etterspurt.
Singelen vart sleppt 18. desember 2011 på iTunes og alle inntektene frå salet gjekk til Alzheimer's Research UK og barnesjukehus-organisasjonen Together For Short Lives. Solomon framførte songen på fleire fjernsynsprogram.
Lister Liste (2011) Plassering
Andre versjonar Andre artistar som har spelt inn songen er: The BachelorsChristmas with the Bachelors Michael BallMichael Ball Christmas Joe McElderryAlbum: Joe McElderry, Classic Christmas (UCJ) Saint EtienneA Glimpse of Stocking The High KingsThe High Kings Last FM Lucy RoseLucy Rose BBC
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Driving Home for Christmas» frå , den 16. november 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Chris Rea-songar Kategori:Songar frå 1986 Kategori:Singlar frå 1986 Kategori:Britiske julesongar Kategori:Songar om bilar Kategori:Songar skrivne av Chris Rea Kategori:Magnet Records-singlar