Alonso Cano eller Alonzo Cano () var ein spansk kunstmålar, arkitekt og bilethoggar.
Cano var fødd i Granada. Han flytta til Sevilla, der han utdanna seg både til målar (som lærling av Francisco Pacheco) og bilethoggar (under Juan Martínez Montañés). Cano blei hoffmålar i Madrid og blei nytta til å laga fleire dekorative arbeid. Han var kjend for eit valdsamt temperament, og på grunn av dette og mistankar om drap på kona si måtte han ei tid halda seg unna hovudstaden. Cano arbeidde då i Valencia og andre stader.
mini|venstre|Domkyrkjefasaden i Granada.
Han hamna til slutt i fødebyen Granada. Her blei han overbyggmeister for katedralen, der han skapte hovudfasaden i original barokkstil og for øvrig utsmykka bygningen med skulpturar og måleri. Cano utførte også Magdalenakirken i Granada. Som skulptør er Cano mest kjend gjennom sine kraftig modellerte og måla treskulpturar. Han blei likevel betre kjend som målar. Dei best kjende måleria hans er Madonna del Rozario i katedralen i Malaga og Den heilage Agnes i Berlin.
Bilete Måleri
Skulpturar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alonso Cano» frå , den 19. november 2015. oppgav desse kjeldene: Svensk uppslagsbok. Lund 1930
Bakgrunnsstoff
Kategori:Spanske arkitektar Kategori:Spanske målarar Kategori:Spanske bilethoggarar Kategori:Folk frå Granada Kategori:Barokkbilethoggarar Kategori:Barokkmålarar Kategori:Barokkarkitektar Kategori:Målarar frå 1600-talet