Bribri er eit chibchansk språk som blir snakka av rundt 6 000 bribriar i tre ulike område av det sørlege Costa Rica. Det er dermed eitt av dei to største urfolksspråka i landet, saman med det nært beslekta cabécar. Mengda bribritalende er i svak nedgang.

Bribri er eit tonespråk, og har opptil fire tonar: høg, låg, stigande og fallande. Det skil òg mellom orale og nasale vokalar, og har i alt 12 vokalfonem. Det har 14 konsonantfonem.

Bribri er eit ergativspråk, og har den faste ordstillinga absolutiv–verbal. I nominalfrasene kjem modifikatorene etter kjernen, og språket har postposisjonar. Verba vert hovudsakleg bøygde etter aspekt. Talorda vert bøygde etter forma til objekta dei refererer til. Bribri har òg eit komplekst system med demonstrativ.

Det er tre hovuddialekter av bribri: Coroma (austleg), amubre (vestleg) og salitre (Stillehavet).

Etymologi «Bribri» er namnet både på folkegruppa og på språket dei snakka. Det kjem opphavleg frå ordet balíbali, som tyder «ujamnt terreng» og refererer til området bribriane held til i.Jara og García (2009), s. 42. Ein person med etnisiteten bribri vert kalla bríbriwak. Språket vert òg av og til kalla se' ie, som tyder «språket vårt», i motsetnad til síkua ie, som tyder «utanlandsk språk» og viser til alle andre språk.Jara og García (2009), s. 66.

Klassifisering Bribri tilhøyrer den chibchanske språkfamilien. Dei chibchanske språka har fleire gonger vorte relatert til andre språk og familiar, men det finst førebels ingen klåre bevis på dette.Dei chibchanske språka er tatt med i Joseph Greenberg sin hypotese om makrochibchanske språk, og seinere i Adolfo Constenla Umaña sin hypotese om lenmichíspråk. Den chibchanske språkfamilien vert delt inn i ei nordleg og ei sørleg grein, der bribri, i likskap med alle dei andre språka utom eitt, tilhøyrer den sørlege. Bribri vert plassert i den vestistmiske gruppa, der det saman med cabécar utgjer den viceitiske undergruppa. Desse to språka er nært beslekta, og skilde lag for omkring 1000 år sidan.Constenla Umaña (2008), s. 125. Chibchanske språk Sørleg Istmisk Vestistmisk Viceitisk Bribri

Utbreiing right|mini|Bribri-hus i Amubre mini|Sulàyöm skule i Amubre, der det vert undervist i bribri. Bribri-jenter står i bakgrunnen Rundt 6 000 av dei om lag 10 000 bribriane snakkar bribri.Constenla (2004), s. vii; Quesada (2007), s. 34. Dei held til sør i Costa Rica, på begge sider av fjellkjeden Cordillera dei Talamanca. Ved Det karibiske havet bur det rundt 7000 bribriar i reservatet i kantonen Talamanca i provinsen Limón, i landsbyane Coroma, Coén, Sepecue, Shiroles, Amubre, Katsi, Lari, Urén og Yorkín. På den andre sida av fjellkjeda, ved Stillehavet, held dei til i kantonen Buenos Aires i provinsen Puntarenas, hovudsakleg i reservata Salitre og Cabagra. Bribriane i dette området utgjer omkring 3 000 personar.

Mengda talarar av bribri er i svak nedgang, og dessutan vert språket i dag brukt nesten utelukkande i familiesituasjonar og i tradisjonelle seremoniar. Grunnen til den stadig meir avgrensa nytta er nedgangen i mengda av einspråklege, som no omfattar berre nokre hundre personar, og dessutan det at mange spansktalande flyttar inn i bribriane sitt område.Margery (1990). Innverknaden frå spansk kan òg sjåast i sjølve språkstrukturen, ved at mange bribritalande tek inn fonem frå spansk, og at den grammatiske strukturen til bribri har ein tendens til å verta meir lik den spanske, blant anna i høve til ordstilling og ved at ergativsmarkøren ofte fell bort.Margery (1990).

I likskap med dei andre urfolkspråka i Costa Rica har ikkje bribri status som offisielt språk, men utdanningsdepartementet har teke på seg oppgåva med å sørgja for undervising og bevaring av språka, og sidan 1989 har bribri vore rekna som eit «lokalt språk» i området sitt.Quesada Pacheco (2000), ss. 20–21. I 1985 vart det vedteke å innføra tospråkleg og tokulturell undervising i reservata, og det vert i dag gjeve grunnleggjande undervising i bribri i desse områda. Det vert òg gjeve kurs i bribri ved Universidad de Costa Rica i hovudstaden San José.

Fonologi

Vokalar Bribri har sju orale vokalar: to tronge, to nesten-tronge, to halvopne og éin open. Alle unntatt dei to nesten-tronge vokalane har òg ein nasal variant, og nasaliteten er fonemisk. Dette gjev heile tolv vokalfonem.Constenla (2004), s. ix. Orale vokalarNasale vokalar Fremre Midtre Bakre Fremre Midtre Bakre TrongeNesten-trongeHalvopne Opne

Tonar Bribri er eit tonalt språk, det vil seia at ord som elles består av dei same fonema, kan ha ulik tyding avhengig av kva for tonar stavingane vert uttalt med. Amubre-dialekta har fire tonar: låg, høg, fallande og stigande.Constenla (2004), s. xi. Den sistnemnde finst obligatorisk med vokalar før glottal plosiv, men kan òg finnast elles. I Coroma og Salitre blir det ikkje skild mellom høg og stigande tone, noko som gjer at desse dialektane har følgjande tre tonem: låg, høg og fallande.Constenla (2004), s. xi.

Dei følgjande ordpara er døme på minimale par i Amubre-dialekta som berre vert differensiert av tona: alà («barn») – alá («tore») ãs (fugleart) – ã̀s («for å») tö («at») – tö́ («ja») wak («nedover») – wák («eigar») bit sinĩ̂ («lang») – bit sinĩ́ («lengd»)

Konsonantar Bribri har følgjande konsonantfonem; der det finst to fonem saman, er det første ustemt og det andre stemt:Constenla (2004), s. ix. Bilabial Dental/alveolar Postalveolar Velar Glottal Plosivar p  b t  d k Affrikatar/koartikulerte    Frikativar s x Laterale flappar Fonemet // i Amubre- og Salitre-dialekta, tilsvarer // i Coroma.

I tillegg har språket nasale konsonantar og vibrantar, som ikkje er fonem, men allofonar av dei nemnde fonema, og som finst i følgjande kontekstar:Constenla (2004), ss. x–xv. Allofon Fonem Kontekst [m] /b/ Før nasal vokal [n] /d/ Før nasal vokal i slutten av ord etter nasal vokal // Før nasal vokal /d/ I midten av stavingar før oral vokal i slutten av stavingar etter oral vokal [r] /d/ Fri variasjon med i kontakt med vokalermed høg eller stigande tone

Dialektar mini|Utbreiinga til dei tre dialektane av bribri Det er tre hovuddialekter av bribri. I Talamanca vert det tala to dialektar: Amubre-dialekta (eller vestleg), som ein talar i landsbyane Amubre, Katsi, Lari, Urén og Yorkín, og Coroma-dialekta (eller austleg), som ein talar i landsbyane Coroma, Coén, Sepecue og Shiroles. Salitre-dialekta (eller Stillehavsdialekta) vert tala i reservata Salitre og Cabagra i Buenos Aires. Det som skil dialektane frå kvarandre, er i all hovudsak uttalen.

Dei viktigaste skilnadene mellom dei tre dialektane er dei følgjande:Jara og García (2009), ss. 10–11. Amubre-dialekta er den einaste av dei tre som skil mellom høg og stigande tone. I Coroma fell dei nasale vokalane ã og õ saman til õ; t.d. vert sagt «tid, stad» kṍ, medan det i dei to andre dialektane vert uttalt kã́. I Coroma er det ein tendens til å redusera stavingar med låg eller nøytral tone når dei kjem før ei staving med høg eller fallande tone; f. eks. er «høne» dakarò i Amubre, dekrò i Salitre og krò i Coroma. Uttala av den koartikulerte konsonanten tk/tch er ein annan skilnad. I Amubre og Salitre er ord som chö́k («å seia») og tkö́k («å stikka»)  svært ulike, medan det i Coroma er vanskelegare å skilja mellom chö̀k og tchö̀k.

Skriftsystem mini|Skilt på ein restaurant skrive på bribri. Med standard rettskriving skulle det ha vore «Ye' dawè balí wã, ye' mĩ̀ke chkö̀k», som tyder «Eg er svolten, eg går og et». Bribri hadde ikkje noko skriftspråk før Lingvistisk institutt ved Universidad de Costa Rica utvikla eit alfabet på slutten av 1900-talet. Føremålet med alfabetet er å bruka det både i undervising og forsking. Det er teke omsyn til den høge mengda tospråklege i bribri og spansk, og mange av lydane vert difor representert med same bokstav som i spansk.Margery (1982), ss. xv–xxiv.

Dei tronge vokalane /i/ og /u/ vert skrivne <i> og <u>, og den opne vokalen /a/ vert skriven <a>. Dei halvopne vokalane // og // vert skrivne <e> og <o>, medan dei nesten-tronge vokalane // og // blir representerte med dei same to teikna modifisert med tødlar: <ë> og <ö>. Representasjonen av dei nasale vokalane er det einaste det ikkje er semje om; i dei tidlegaste verka vert dei skrive med understrek (t.d. <a>) eller med kvist (t.d. <ą>). I det siste har dei òg vorte skrive med tilde (t.d. <ã>), som i denne artikkelen.

Representasjonen av konsonantane følgjer òg den spanske rettskrivinga så langt det er mogleg. ermed ver fonema krive //, //, /t/, /d, /s/, //, // og // vert skrive <p>, <b>, <t>, <d>, <s>, <j>, <ch> og <y>. Allofonane , , [ɲ], og vert òg representert med eigne bokstavar: <m>, <n>, <ñ>, <r> og <rr>. Lydane som ikkje har nokon direkte motpart i spansk, har fått eigne teikn eller bokstavkombinasjonar. Affrikatane // og // vert høvesvis skrive <ts> og <tts>, medan den koartikulerte konsonanten // vert skrive <tk>. Den postalveolare frikativen // vert representert med <sh>, og den laterale flappen // har fått teikna <l>, sidan språket ikkje har noko /l/-fonem. Den glottale plosiven // vert representert med ein apostrof, <'>.

Tonema vert markert med diakritiske teikn over vokalen i den gjeldande stavinga. Høg tone vert markert med grav aksent (<à>), medan fallande tone vert markert med akutt aksent (<á>), motsett av korleis det vert gjort i blant anna det internasjonale fonetiske alfabetet. Stigande tone, som berre finst i Amubre-dialekta, vert markert  (<â>). Låg tone vert ikkje markert.

Morfosyntaks

Substantiv Substantiva i bribri vert delt inn i to klasser, menneskelege og ikkje-menneskelege.Constenla (2004), s. 7. Dei som viser menneske, tek endinga -pa for å markera fleirtal, medan dei som representerer ikkje-menneskelege ting, ikkje får noko ending i fleirtal.

Nokre få substantiv har uregelrett fleirtalsbøying, slik som alà «barn (eintal)», alàralar «barn (fleirtal)».Jara og García (2009), s. 16.

Eigarskap vert uttrykt med konstruksjonen eigar + substantiv.Jara og García (2009), s. 31. Eigaren er ein nominalfrase beståande av substantiv og/eller pronomen:

Einskilde substantiv er uavhendelege, det vil seia at dei aldri kan opptre utan ein eigar.Jara og García (2009), ss. 31–32. Dette gjeld ord som viser til kroppdelar og deler av ting, plantar, dyr, og så vidare, til dømes chakà («kjøt»), kà («tann»), jkuö̀ («skinn») og ták («bit»). Viss ein ikkje veit kva eller kven dei tilhøyrer, kan i («noko/nokon») fungera som eigar.

Demonstrativar Pronomena

ye' = eg be' = du ie' = han/ho sjå' = vi (inkl.) sa' = vi (ekskl.) a' = dykk ie'pa = dei Bribri har eit komplekst system med demonstrativ, med heile ti ulike former avhengig av kva objektet dei refererer til er i tilhøve til deltakarane i samtalen.Jara og García (2009), s. 34. Demonstrativa kjem alltid etter substantivet, til dømes kàl i («dette treet») og mõ̀ aì («dei skyene»). i' = næraste talaren («denne, dette») sẽ́ = næraste tilhøyraren («han, det») ñe' = noko som høyrest, men ikkje blir sett («han, det») e' = noko som verken høyrst eller blir sett («han, det») Nedanfor følgje ei liste over demonstrativ som refererer til ting som kan sjåast, men som ikkje er nær korkje talaren eller tilhøyraren; alle kan omsetjast med «den» eller «det»: Ikkje så langt unna talaren Langt unna talaren Ovanfor talaren aí aì På same nivå som talaren wí wì Nedanfor talaren diö́ dià

Adjektiv Adjektiva i bribri vert bøygde i tre grader: positiv, intensiv og forminskande.Margery (1986), s. xxix. Positiv er den grunnleggjande forma. Intensiv vert brukt for å forsterka betydninga, og vert danna ved å leggja suffikset -ë til den grunnleggjande forma, medan den forminskande forma vert danna ved ei fordobling av stammen eller med endinga -tãnẽ.

Berre nokre få adjektiv vert bøygde i fleirtal; dette vert gjort ved ei fordobling av stammen, til dømes bua' «god», bua'bua' «gode».

Talord