1834 (romartal MDCCCXXXIV) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein måndag i den julianske kalenderen.

Hendingar

Utlandet 1. januar: Dei tyske statane oppheva tollgrensene seg imellom. 1. april: John Heathcoat bygde og testa ein dampdriven damptraktor med beltedrift, i Lancashire, for pløyng med to vinsjdregne plogar.Haining, J. og Tyler, C., Ploughing by steam, Model & Allied Publications Ltd., 1970. 18. mars : Seks landbruksarbeidarar frå Dorset i England, «The Tolpuddle Martyrs», blei dømde til ein straffekoloni for å ha danna ei fagforening. 14. juni: Isaac Fischer Jr. tok patent på sandpapir. 16. juli: Viscount William Lamb avløyste jarl Charles Grey som britisk statsminister. 24. juli: «Dei liberale krigane» i Portugal tok slutt. 1. august: Slavehald blei forbode i det britiske imperiet. 14. august: Poor Law Amendment Act, eit tillegg til den engelske fattigloven, sa at ingen arbeidsføre menn kunne få hjelp dersom dei ikkje gjekk inn i ein arbeidsanstalt. 15. august: Ein ny britisk lov opna for kolonisering av det sørlege Australia.

Louis Braille ferdiggjorde sitt skriftsystem for blinde. Den spanske inkvisisjonen, som hadde verka sidan 1200-talet, blei nedlagt. Det britiske austindiakompaniet mista monopolet på handel med Kina. Den sjette kaffir-krigen: Alvorlege samanstøyt mellom kvite nybyggjarar og bantufolk i Kappkolonien.

Noreg Aass Bryggeri vart grunnlagd i Drammen

Fødde mini|Målaren Edgar Degas vart fødd 19. juli i Paris

1. januar: Lorentz Dietrichson, norsk kunsthistorikar 7. februar: Dmitrij Mendelejev, russisk kjemikar og opphavsmann til periodetabellen 16. februar: Ernst Haeckel, tysk biolog og filosof 17. mars: Gottlieb Daimler, tysk ingeniør og industrimann 24. mars: William Morris, britisk formgjevar og forfattar 2. april: Frédéric Bartholdi, skulptør 14. juli: Emil Stang, norsk høgsterettsadvokat, politikar og statsminister James McNeill Whistler, britisk-amerikansk målar og grafikar 19. juli: Edgar Degas, fransk målar 31. august: Amilcare Ponchielli, italiensk komponist 10. oktober: Aleksis Kivi, finsk forfattar 14. oktober: Knut Dale, norsk spelemann 25. desember: Anders Askevold, norsk målar

Døde

12. februar: Friedrich Schleiermacher, tysk teolog 20. mai: Joseph Lafayette, fransk hærførar 25. juli: Samuel Taylor Coleridge, britisk filosof og forfattar 2. september: Thomas Telford, skotsk ingeniør 9. september: James Weddell, britisk sjøfarar 24. september: Pedro I av Brasil, abdisert keisar 23. desember: Thomas Malthus, britisk økonom og filosof

Referansar