Solveig Torsvik () er ein norsk stortingspolitikar og tidlegare partisekretær i Ap.

Torsvik vart vald inn på Stortinget frå Akershus i 1993. Før dette var ho forbundssekretær i Norsk Kommuneforbund frå 1989 til 1990, og statssekretær for kommunalminister Kjell Borgen frå 1990 til 1992. Ho var i tillegg vararepresentant til Stortinget i periodane 1981–1985, 1985-1989 og 1989-1993, og møtte som fast representant i til saman meir enn fire år i desse stortingsperiodane.

I 1996 vart Torsvik vald til første – og hittil einaste – kvinnelege partisekretær i Arbeidarpartiet. Ho stilte difor ikkje til val til Stortinget i 1997. Etter Arbeidarpartiets historisk dårlege valresultat i 2001, trekte ho seg som partisekretær og forlét norsk politikk til fordel for jobb som eigedomsutviklar i Tom Hagen Eigedom i Lørenskog.

I oktober 2006 gjorde Torsvik eit lite omtalt comeback som politikar, som politisk rådgjevar i Jens Stoltenbergs andre regjering, først for statsråd Sylvia Brustad i Helse- og omsutsdepartementet (2006-2008), deretter for statsråd Dag Terje Andersen i Arbeids- og inkluderingsdepartementet (2008-2009).

Frå hausten 2009 er Torsvik sekretariatsnestleiar for Arbeidarpartiets stortingsgruppe. Ho er sambuar med tidlegare stortingsrepresentant frå Oppland, ambassadør Haakon Blankenborg.

Regjering 3. november 1990-4. september 1992: statssekretær Kommunaldepartementet 24. juni 2008-20. oktober 2006: politisk rådgjevar Arbeids- og inkluderingsdepartementet 13. oktober 2006-24. juni 2008: politisk rådgjevar Helse- og Omsutsdepartementet

Stortingskomitear 1993-1997: sekretær i Samferdselskomitéen 1993-1997: varamedlem i Den utvida utenrikskomitéen 1989-1993: medlem i Sosialkomitéen 1985-1989: leiar i Samferdselskomitéen 1985-1989: medlem i Samferdselskomitéen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Solveig Torsvik» frå , den 22. november 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske fagforeiningsleiarar Kategori:Sekretærar i Arbeidarpartiet Kategori:Statssekretærar frå Ap Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Brundtland III Kategori:Politiske rådgjevarar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Folk frå Stange