mini|Plasseringa av Senkakuøyane mini|Kart som viser Japans og Kinas krav til økonomisk sone pluss området til Senkakuøyane og det omstridde gassfeltet.The Asia-Pacific Journal: Japan Focus, besøkt 18. september 2012. mini|Kart som viser avstandar i området. Senkakuøyane (尖閣諸島; Senkaku-shotō; japansk namn) eller Diàoyúdǎo/Diàoyútái (forenkla kinesisk 钓鱼岛; tradisjonell kinesisk: 釣魚台; kinesisk namn; Diaoyu) er ei omstridd gruppe ubefolka øyar i Austkinahavet. Dei er 120 nautiske mil nordaust for Taiwan, 200 nautiske mil austom det kinesiske fastlandet og 200 nautiske mil sørvest for den japanske øya Okinawa. Administrativt utgjer øyane ein del av det japanske prefekturet Okinawa. Dei vart annekterte av Japan i 1895, og etter at Japan leid nederlag i andre verdskrigen var dei okkuperte av USA frå 1945 til 1972, då dei vart overførte attende til japansk kontroll. Òg Folkerepublikken Kina og Republikken Kina gjer krav på øyane.
Øygruppa består av fem holmar og tre aude klipper, og har eit samla landareal på 6,16 KM². Arealet til den største holmen er på 4,38 km². Til trass for den avgrensa storleiken har øyane segla opp som eitt av dei større stridsspørsmåla mellom Folkerepublikken Kina og Japan. Denne konflikten spissa seg til i september 2012, og førte til store antijapanske protestar i Kina. Havområdet rundt øyane er rikt på fisk, og ein trur det kan finnast naturgass under sjøbotnen.
Historie thumb|Uotsuri-jima, den vestlegaste i Senkakugruppa Øyane er nemnt i kinesiske kjelder frå 1400-talet. Dei vart då omtalt som Diaoyu i bøker som Ferd i medvind (1403) og Rapport frå ferda til den keiserlege utsendinga til Ryukyu (1534). På dei keiserlege kinesiske karta frå Ming-dynastiet vart det kinesiske namnet for øygruppa, Diaoyu, og det japanske namnet for hovedøya, Uotsuri, brukt; begge tyder 'fiske'.
Den første skildringa av øyane som vart utgjeven i Europa, var i ei bok importert av Isaac Titsingh i 1796. I det vesle biblioteket hans med japanske bøker fanst blant anna Ei illustrert skildring av tre land av Hayashi Shihei.WorldCat, Sangoku Tsūran Zusetsu; alternate romaji Sankoku Tsūran Zusetsu Denne teksta, som vart gjeve ut i Japan i 1785, skildra kongedømmet Ryukyu.Cullen, Louis M. (2003). I 1832 støtta Royal Asiatic Society ei posthum utgjeving av Titsingh si franske omsetjing.Klaproth, Julius. (1832).
Den første omtalen av øyane på engelsk kom i 1848, då Edward Belcher utgav ei ferdskildring av ein tur med HMS «Sammarang».Suganuma, Unryu. (2001). 89–90 Sovereign Rights and Territorial Space in Sino-Japanese Relations, frå Google Books Kommandør Belcher kommenterte at «namna i denne regionen har vorte teke med utan nøye vurdering.» Belcher rapporterte om ankring ved Pinnacle Island i mars 1845.Belcher, Edward. (1848).Belcher, Vol.
I 1870–80-åra vart det engelske namnet Pinnacle Islands (tårnøyane) brukt om skjera som er i tilknyting til den største øya Uotsuri-jima/Diaoyu Dao (vart då kalla Hoa-pin-su, 和平屿, «fredsøya»); Kuba-jima/Huangwei Yu (då kalla Ti-a-usu); og Taishō-jima/Chiwei Yu. Seinare vart Pinnacle Islands brukt som namn på heile øygruppa.Suganuma, p. 90. fra Google Books; Jarrad, Frederick W. (1873). right|mini|Japanske arbeidarar ved fabrikken som foredla sarda (makrell) på den største øya Uotsuri-jima rundt 1910. mini|To av dei omstridde øyane – Kita-Kojima (venstre) og Minami-Kojima (høgre) Øyane vart formelt annektert av Japan 14. januar 1895.
Frå rundt 1900 etablerte den japanske forretningsmannen Koga Tatsushirō eit foredlingsanlegg for sarda på øyane med 200 arbeidarar. (古賀 辰四郎, Koga Tatsushirō? Denne verksemda vart lagt ned i 1940, og auga har sidan vore ubebodde.Ishigaki fishermen fret over Senkaku encroachment , Japan Times 8. desember 2010, besøkt 18. september 2012 I 1970-åra selde Koga Tatsushirōs etterkommarar Zenji og Hanako Tatsushirō dei fire øyane til Kurihara-familien frå prefekturet Saitama. Under føresetnad at Kuriharafamilien ikkje skulle selja øyane vidare med mindre det var til den japanske staten, eller offentlege organisasjonar.
Kunioki Kurihara eig Uotsuri, Kita-Kojima og Minami-Kojima. Kunioki si syster eig Kuba.Ito, Masami, Owner OK with metro bid to buy disputed Senkaku Islands, Japan Times, 18. mai 2012, ss. 1-2
Frå 1945 til 1972 Ryukyuøyene er øygruppa som strekkjer seg i ein boge frå Kyushu, den sørlegaste av dei store japanske øyane, til Taiwan. Den største øya er Okinawa. Etter slaget om Okinawa i juni 1945 vart Ryukyuøyene okkupert og styrt av det amerikanske forsvaret. Etter San Francisco-traktaten i 1952 fekk området lokal politisk makt, men var eigenleg enno okkupert og vart styrt av USAs sivile administrasjon av Ryukyuøyene. I 1972 vart Senkakuøyene overført til japansk kontroll som ein del av attendeleveringa av Okinawa, og øyane vart ein del av prefekturet Okinawa.Agreement between the United States of America and Japan Concerning the Ryukyu islands and the Daito islands frå Google Books
I 1971 erklærte òg styresmaktene til Republikken og Folkerepublikken Kina at øyane tilhøyrde dei.
Etter 1972 Etter at styret vart overført til dei japanske styresmaktene, vart øyane lagt under administrasjonen til kommunen Ishigaki på Okinawa. Dei sentrale japanske styresmaktene har likevel nekta Ishigaki å undersøkja eller utvikla øyane.Ito, Masami: Jurisdiction over remote Senkakus comes with hot-button dangers , Japan Times, 18. mai 2012, s. 1 I 1979 vart øyane vitja av ein offisiell delegasjon på vegner av den japanske regjeringa. Delegasjonen bestod av 50 vitskapsfolk, offentlege tenestemenn, og Hiroyuki Kurihara, ein av eigarane. Delegasjonen budde på Uotsuri i rundt fire veker og undersøkte det lokale økosystemet, der dei fann moldvarpar og sauer, og studerte det maritime livet, for å sjå om øyane kunne folkesetjast av menneske.Ito, Masami: Owner OK with metro bid to buy disputed Senkaku Islands, Japan Times, 18. mai 2012, ss. 1-2
I årane frå 2002 til 2012 betalte det japanske innenriks- og kommunikasjonsdepartementet Kurihara-familien ei leige på 25 millionar yen årleg for å leige Uotsuri, Minami-Kojima og Kita-Kojima. Det japanske forsvarsdepartementet leiger øyane Kuba for eit ukjent beløp. Kuba vert brukt av det amerikanske forsvaret som øvingsområde for bombing frå fly. Dei japanske sentrale styresmaktene eig Taisho-øya.Hongo, Jun: Tokyo's intentions for Senkaku islets , Japan Times, 19. april 2012, s. 2.
Tilspissing frå 2012 – thumb|Anti-japanske demontrasjonar i Kina i september 2012 thumb|Kartet viser overlappande japanske og kinesiske luftforsvarssonar Fredag 14. september 2012 sende Folkerepublikken Kina seks militære patruljebåtar inn i det japanske territorialfarvatnet ved øyane for å hevda suvereniteten sin. Dette kom etter at den japanske regjeringa hadde avgjort å kjøpa tre av øyane av den japanske familien Kurihara for rundt 150 millionar kroner, noko kineserne såg på som ei «sniknasjonalisering» av øyane.«Reports: Japan agrees to buy disputed islands from private landowner» The Washington Post, 5. september 2012«Kina og Japan i heftig øy-krangel - USA ber landene roe seg ned» Aftenposten 17. september 2012 Dei kinesiske fartøya trekte seg unna då Japan sende inn kystvakta si. Dette utløyste omfattande anti-japanske oppstandar i Kina gjennom den følgjande helga, der både den japanske ambassaden i Beijing og japanske fabrikkar og butikkar vart angripe blant anna med steinkasting. Dette var dei meste omfattande demonstrasjonane i Kina på mange år.«Panetta to urge China and Japan to tone down dispute over islands» The Washington Post 16. september 2012
Den amerikanske forsvarsministeren Leon Panetta var på ein lenge planlagd ferd i området og han bad partane om å besinne seg. USA er traktatforplikta ovafor Japan til å støtta landet militært om det vert angripe, men amerikanarane har ikkje offisielt uttalt om dei ser desse øyane som japansk territorium. Amerikansk militær innblanding vert rekna som lite sannsynleg.Nicholas D. Kristof: Look Out for the Diaoyu Islands On the Ground (blogg), New York Times, 10. september 2012Ambrose Evans-Pritchard: China, Japan and the world’s Agadir Crisis (1911) The Telegraph, 19. september 2012
19. september 2012 vart det meldt om omfattande hackerangrep mot nettsidene til sentrale japanske samfunnsaktørar, som forsvars-, informasjons- og innanriksdepartementet, bankar, høgsterett, teknologiinstituttet og store næringslivsføretak. I følgje japansk politi kom desse angrepa frå Kina.«Dataangrep mot 19 japanske nettsider – sporene peker mot Kina» NRK 19. september 2012 Det vart frå kinesisk hald òg truga med handelskrig, og den politiske konfrontasjonen førte til at børsen i Tokyo fall betrakteleg.«Beijing hints at bond attack on Japan» The Telegraph, 18. september 2012«Kina truer med å strupe Japans økonomi» Dagbladet 19. september 2012
23. november 2013 erklærte Kina ei luftforsvarssone over øyane.ADIZ :en:Air Defense Identification Zone Sona overlappar den japanske sona. USA aksepterer ikkje sona og har sendt in B-52 bombefly som ikkje har identifisert seg. USA har likevel meldt til sivile flyselskap at dei skal melda i frå når dei flyr inn i sona.Blir det krig mellom Kina og Japan? besøkt 2. desember 2013
Suverenitetsstrid thumb|Grenser for økonomiske soner thumb|Japansk kart frå 1785 som viser at øyane er kinesiske. Fujian provinsen og Senkakuøyene har raud farge. På japansk brukar dei det kinesiske namnet «Diaoyutai». Det japanske «Kumi» fjellet har gul farge, det same som Ryukyuøyene. Dette beviser at Japan på denne tida meinte at øyane var kinesiske. thumb|«Kart over Tokara- og Senkakuøyene», utgjeve i Japan, 1933. Både Japan, Folkerepublikken og Republikken Kina gjer krav på Senkaku/Diaoyu-øyane. Kor viktig øyane er for landa kjem av historiske tilhøve, militærstrategiske interesser og i at området rundt øyane er viktig for skipsfart, har rike fiskeressursar og moglege oljeførekomstar.Japan New York Times, hentet 20. september 2012Brian Spegele: A Primer on Islands in Contention Wall Street Journal, hentet 20. september 2012 Kina har truleg funne naturressursar i det området dei har døypt Chunxiaofeltet, som ligg berre fire kilometer inn på den kinesiske sida av den japanske midtlinja.Island disputes and maritime Regime Building in East Asia.Q&A: China-Japan islands row BBC, 11. september 2012 Tvisten om øyane er ein havrettskonflikt (økonomisk sone). Senkaku/Diaoyu-statusen på øyane vil truleg avgjera kor stor del av olje- og gassfelta lenger nord som fell til Kina og Japan.Japan lodges protest with China over East China Sea BBC, 20. februar 2012
Folkerepublikken Kinas påstand Míng-dynastiet oppdaga og utøvde suverenitet over øyane sidan det 14. århundret. Dei dreiv fiske rundt øyane og brukte dei som vern under stormar. På øyane hausta dei òg shi cong yongStatice arbuscula, ein sjeldan urt brukt i kinesisk medisin. Enkekeiserinne Cixi gav øyane til ein Dr. Sheng-Xuan-hui, som heila henne ved bruk av desse urtene. Kina hevdar at Japan aksepterte at dei hadde suverenitet over Senkaku/Diaoyu-øyane før 1895. I eit dokument frå 1885 åtvarar Japans utanriksminister, Inoue Kaoru, regjeringa om å merka øyane som japansk eigedom, fordi kineserne ikkje ville like det og fordi det var kinesiske namn på dei: «Vi må venta til rett augneblunk». Dei viser òg til eit japansk kart frå 1785 som viser at øyane er kinesiske.Japansk bok Sangoku Tsuuran Zasetsu (Illusrerte bilder av kommunikasjoner mellom tre land), publisert i 1785 og viser at øyene var en del av Kinas Fukien-provins.