François Auguste Victor Grignard (), kjend som Victor Grignard, var ein fransk kjemikar som fekk Nobelprisen i kjemi i 1912 for å ha oppdaga og gjort greie for den kjemiske reaksjonen som fekk namnet etter han, Grignardreaksjonen. Nobelprisen i kjemi vart dette året delt mellom han og landsmannen Paul Sabatier.

Grignard var fødd i Cherbourg og døydde i Lyon. Han hadde utdanna seg til matematikar hjå universitetet i Lyon før han vart interessert i kjemi, og særleg tok for seg dei kjemiske reaksjonane mellom organiske halogenbindingar og magnesium. Han vart professor ved universitetet i Nancy i 1910.

Publikasjonar Victor Grignard, «Sur quelques nouvelles combinaisons organométalliques du magnésium et leur application à des synthèses d'alcools et d'hydrocarbures», Comptes rendus hebdomadaires des séances de l'Académie des sciences (C.R. Hebd. Seances Acad. Sci.), vol. 130,‎ 1900, p. 1322-1324 (ISSN 0001-4036, kan lesast på internett) Victor Grignard, «Les composés organomagnésiens mixtes et leurs principales applications», Revue scientifique, vol. 51, no 15,‎ 12 avril 1913, p. 449-456 (kan lesast på internett) Victor Grignard, Traité de Chimie Organique, Paris 1935: Masson, 500 p.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nobelprisen i kjemi Kategori:Franske nobelprisvinnarar Kategori:Franske kjemikarar