Albany-nederlandsk (ned.:/eng. Albany Dutch) var ein nederlandsk dialekt som var i bruk frå 1600-talet og fram til rundt 1920, med nokre få brukarar heilt til 1940-åra.Lowlands-L , 1 nov. 2002 (03), , LCSN 96-4226 Albany-nederlandsk var i bruk i den tidlegare nederlandske kolonien Ny-Nederland langs HudsonelvaLinguistic Geography of Pennsylvania (se Hudson valley) i den amerikanske delstaten New York. Området omfatta (delar av) fylka Orange, Putnam, Ulster, Dutchess, Greene, Columbia, Albany og Rensselaer. Ofte vert albany-nederlandsk omtalt som ein del av Jersey-nederlandsk, akkurat som mohawk- og Pella-nederlandsk og negroe dutch. Både denne og dei andre nederlandske dialektane i dette området utvikla seg frå nederlandsk slik det vart brukt på 1600-talet, uavhengig av den europeiske nederlandsken.
I ein del område var Albany-nederlandsk det einaste språket som vart brukt til langt inn på 1800-talet, medan engelsk ganske tidleg fekk ein dominant rolla i andre.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Albany-nederlandsk» frå , den 1. desember 2015.
Kategori:Folkegrupper i USA Kategori:Nederlandsk språk Kategori:Historia til New York Kategori:Pidgin- og kreolspråk Kategori:Språk i USA