Mediekompasset (tidlegare Avis i Skolen) er eit utdanningsprosjekt retta mot å læra om rolla til pressa i eit demokratisk samfunn. Det vart etablert i 1970 av Norske Avisers Landsforening, som i dag heiter Mediebedriftenes Landsforening (MBL).
Avis i Skolen var både ein undervisingsmetode og eit middel i undervisinga til å auka kunnskapane til elevane og interesser for nyhendestoff.
Målet var å auka interessa for og nytta av aviser blant barn og unge i grunnskulen og dei vidaregåande skulane. Dei ynskte òg å gjera ungdom vant til å lesa avis, og det vart oppfordra til å bruka avis som hjelpemiddel i undervisinga.
Dei fleste MBL-medlemmane har ein eigen Avis i Skolen-kontaktperson som er ansvarleg for tiltak i eiga avis.
Avis i Skolen har 35 instruktørar rundt i landet som arrangerer kurs for opptil 7 500 lærarar og foreldre i året.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Avis i Skolen» frå , den 8. desember 2015. Bakgrunnsstoff Avis i Skulen Avis i Skulen Hordaland Avis i Skulen Agder
Kategori:Didaktikk Kategori:Norsk journalistikk Kategori:Utdanning i Noreg