«Gjev ikkje glans og gull og prakt» er ei norsk gjendikting av julesongen «Julvisa» av den finske diktaren Zacharias Topelius frå 1887, også kjend som «Giv mig ej glans, ej guld, ej prakt» etter opningsorda. Julesalmen vart første gong trykt i bladet JulQvällen som blei gjeve ut av Publicist-klubben. Han inngår i fjerde bind av Topelius' Samlade skrifter. Melodien til salmen blei komponert av Jean Sibelius i 1909. Teksten blei omsett til finsk i 1909 under tittelen «Ei valtaa, kultaa, loistoa». Songen er blant dei mest populære julesongane i Finland.«Julsånger och duetter», nettstaden Sibelius. Han blei omsett til norsk av Arve Brunvoll«Nye salmar» , Kyrkjeblad for Samnanger, julen 2008, s. 3. i 1995 og står som nr. 57 i Norsk salmebok 2013.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gjev ikkje glans og gull og prakt» frå , den 12. desember 2015.
Bakgrunnsstoff
Topelius vackra julsånger, blant dei Giv mig ej glans, ej guld, ej prakt framført av Radions svenska barnkör Kategori:Finsk litteratur Kategori:Finsk musikk Kategori:Julesalmar Kategori:Salmar frå 1800-talet Kategori:Finske songar