Saera Tithi Khan () er ein norsk politikar for Ap. Ho var stortingsrepresentant frå Oslo 2005–09 og vararepresentant i perioden 2001–2005. Khan var medlem av Arbeidarpartiets sentralstyre 2002–09.
Khan er fødd i Noreg av foreldre frå Bangladesh. Ho er cand.mag. frå Universitetet i Oslo, med faga statsvitskap, samfunnsøkonomi, Kjønn og samfunn og Europa og integrasjon. Ho gjekk på Oslo katedralskole, der ho var russ i 1998.
Ho var medlem av Oslo bystyre 1999–05. Ho har tidlegare vore styremedlem i Oslo Ap og medlem av Kvinnenettverket i Oslo Arbeidarparti.
I perioden 2003 til 2005 arbeidde Khan som kommunikasjonsrådgjevar i Flyktninghjelpen.
I februar 2009 markerte Saera Khan seg som ein motstandar av å bruka hijab saman med politiuniform.TV2 – Saera Khan sier nei til politihijab
Samtalar med spåkoner Hausten 2008 vart det avdekt at Saera Khan hadde ringt spåkoner gjennom teletorgtenester for fleire hundre tusen kroner med mobiltelefonen betalt av Stortinget.VG - Saera Khan ringer spåkoner Då Stortinget slutta å betala dei høge telefonrekningane og saka vart kjent i offentlegheita, hevda Khan først at rekningane var så høge fordi ho hadde ein kjærast på utenlandsoppdrag i Forsvaret som ho hadde snakka med på satellittelefon. Dette er imot retningslinjene i Forsvaret og vart avvist av Forsvaret.Aftenposten - Saera Khan har ingen kjæreste som er spesialsoldat hos oss Etter først å ha hevda at ho berre ringte spåkone eit par gonger, innrømt Khan at mesteparten av telefonrekningane stamma frå samtalar med spåkoner.VG - Saera Khan ringer spåkonerVG - Innrømmer telefoner til klarsynte Det kom òg fram at ho hadde spurt spåkonene om politikk, t.d. Frps oppslutning.VG - - Ble også spådd om politikk Khan gjorde det etter dette klårt at ho ikkje ville ta attval til Stortinget.VG - Saera Khan stiller ikke til gjenvalg Ho har i ettertid sagt at ho har dekt telefonrekningane og tilbakebetalt beløp som er over det som normalt vert dekka.VG - Her her Saera Khans pressemelding
Stortingskomitear 2005–2009 medlem i Kommunal- og forvaltingskomiteen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Saera T. Khan» frå , den 18. desember 2015.
Bakgrunnsstoff
Stortinget - Biografi
Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap