Martin Engeset () er ein norsk Høgre-politikar frå Oslo. Han var innvald på Stortinget frå Østfold 2001–2009, og var 2. vararepresentant 1985–1989, og dessutan 1. vararepresentant 1993–1997.

Karriere Engeset har bakgrunn frå siviløkonomistudiar ved Bedriftsøkonomisk Institutt, men leverte aldri diplomoppgåva, og arbeidde som revisjonsmedarbeider 1988–1995. Frå 1995 til 2001 hadde han eit deltidsengasjement som sekretariatsleiar for Noregs Råvaregjenvinningsforening (NR).

På Østfold Høgres årsmøte 22. november 2008 vart det klårt at Engeset tapte kampen mot Ingjerd Schou, sosialminister i Kjell Magne Bondeviks andre regjering, med 28 mot 29 stemmar. Engeset gjorde det då klårt at han ikkje ynskte å stilla på andreplassen, og annonserte samstundes at han med dette trekte seg frå rikspolitikken etter valet i 2009. Han vart vald som leiar av kontrollutvalet i Sarpsborg kommune i 2007.

Stortingskomitear 2005–2009 medlem i Arbeids- og sosialkomiteen 2001–2005 varamedlem i Valkomiteen 2001–2005 1. nestleiar i Kontroll- og konstitusjonskomiteen 2001–2005 varamedlem i Den utvida utenrikskomiteen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Martin Engeset» frå , den 18. desember 2015.

Bakgrunnsstoff

Martin Engeset hos Høgre.

Kategori:Lokalpolitikarar i Sarpsborg Kategori:Folk frå Sarpsborg Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre