Ola Langset () var ein norsk politikar og lærar i Molde. I perioden frå 1973 til 1977 representerte han Sosialistisk Valforbund i Møre og Romsdal på Stortinget. Ola Langset var son av lærer, forfattar, folkeminnesamlar og statsstipendiat Edvard Langset.
Langset var fødd på Straumsnes i Tingvoll. Etter å ha gått to år på Nordmøre fylkesskule frå 1936 til 1938, tok Ola Langset fireårig lærarskuleutdanning i Levanger. Då han var ferdig i 1942, fekk han jobb som privatlærar og kontorist på Spillembruket i Namdal. Sidan tok han utdanning innan gymnastikk og Staten sin sløyd- og tegnelærerskole. Han var lærar på Ona-Husøy skule frå 1945 til 1949, då han fekk jobb som lærer i folkeskolen i Molde. Eit par år var han òg lærer på Nordmøre Folkehøgskule. Han avslutta lærargjerninga si som rektor ved Langmyra skole i Molde frå 1982 til 1987. Ola Langset var medlem av Molde bystyre frå 1955 til 1959 for Arbeidarpartiet. Etter ein pause kom han tilbake til bystyret som representant for Sosialistisk Folkeparti frå 1963 til han i 1973 vart vald inn på Stortinget, der han var medlem av Sosialkomiteen. Forutan dei politiske engasjementa sitt var Ola Langset i aktiv i idrettsarbeid og avholdsarbeid. Han var òg formann i Romsdal Mållag og Molde Hagelag.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ola Langset» frå , den 18. desember 2015.
Bakgrunnsstoff Norske skulefolk 1952 side 792
Kategori:Lokalpolitikarar i Molde Kategori:Norske pedagogar Kategori:Folk frå Molde Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV