Sunniva Hakestad Møller () var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho representerte Rogaland på Stortinget i tre periodar frå 1958.
Møllers yrkesrøynsle var som ekspeditrise, syerske og hermetikkarbeidar. Etter andre verdskrigen tok ho kurs i kommunalkunnskap og sosialøkonomi. Ho var medlem av Haugesund bystyre frå 1935 til 1956, av formannskapet frå 1948. Ho vart første gong innvald på Stortinget frå 1958 og attvald i 1961 og 1965. Ho var heile tida medlem av sjøfarts- og fiskerikomiteen.
Kjelder Terje Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Biografier, Kunnskapsforlaget 1985.
Denne artikkelen bygger på «Sunniva Hakestad Møller» frå , den 19. desember 2015.
Kategori:Lokalpolitikarar i Haugesund Kategori:Folk frå Haugesund Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap