Gerd Kirste () var ein norsk lokal- og stortingspolitikar for Høgre.

Ho tok examen artium ved Stabekk Gymnas i 1937, diverse kurs i Tyskland og England 1937–1938 og studentfagkurs ved Otto Treiders Handelsskole i 1940. Ho var tilsett hos Lilleborg AS 1941–1942 og som vikar hos Esso etter andre verdskrig, og var deretter heimeverande husmor.

Kirste var medlem av Bærum kommunestyre 1959–1975, medlem av Akershus fylkesting 1965–1975. Ho var dessutan 2. viseformann i Akershus Høgre 1974–1978 og leier i Landforbundet til Høgrepensjonistane 1997–1999 og vart æresmedlem i Bærum Høgre i1994. Kirste var 2. vararepresentant til Stortinget frå Akershus 1965–1973 og fast innvalgt 1973–1981. I den siste perioden sin på Stortinget var ho Høgre si sosialpolitiske talsperson. Ho hadde òg ei rekkje andre offentlege, politiske og organisatoriske verv.

Stortingskomitear 1977–1981 medlem i Den førebuande fullmaktskomiteen 1977–1981 medlem i Sosialkomiteen 1977–1981 medlem i Fullmaktskomiteen 1973–1977 varamedlem i Den førebuande fullmaktskomiteen 1973–1977 medlem i Justiskomiteen 1973–1977 varamedlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gerd Kirste» frå , den 19. desember 2015.

Bakgrunnsstoff hos Stortinget

Kategori:Lokalpolitikarar i Bærum Kategori:Folk frå Bærum Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre