Ingeborg Botnen () er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho var innvald på Stortinget frå Telemark i 1981 til 1993. Ho var vararepresentant i perioden 1977–1981.

Ingeborg Botnen er utdanna bibliotekar og var biblioteksjef på Rjukan frå 1972 til ho gjekk av med pensjon i 2004. I perioden 1981 til 1993 hadde ho permisjon då ho var representant på Stortinget for Telemark AP. Ho hadde òg arbeidd ved Deichmanske bibliotek i Oslo og Odda bibliotek før ho kom til Rjukan i 1959. Ho byrja då å arbeida ved Rjukan Bibliotek og vart biblioteksjef der i 1972. Ho har òg vore leiar i Tinn Ap og medlem av fylkestinget og fylkesutvalet i Telemark og medlem av Arbeidarpartiets sentralstyre.

Stortinget sitt presidentskap 10. oktober 1989–30. september 1993 – Visesekretær i Stortinget

Stortingskomitéar 1989–1993 medlem i Kontrollkomitéen 1989–1993 varamedlem i Kontrollkomitéen 1989–1993 medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen 1989–1993 varamedlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen 1989–1993 medlem i Valkomitéen 1985–1989 medlem i Utanriks- og konstitusjonskomitéen 1985–1989 medlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen 1985–1989 medlem i Samferdslekomitéen 1985–1989 medlem i Valkomitéen 1981–1985 medlem i Kommunal- og miljøvernkomitéen

Kjelder

Omtale i Aftenposten Kultur 9. februar 2009 side 13.

Denne artikkelen bygger på «Ingeborg Botnen» frå , den 19. desember 2015.

Bakgrunnsstoff - Biografi

Kategori:Norske bibliotekarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Lokalpolitikarar i Tinn Kategori:Folk frå Gran Kategori:Folk frå Tinn