Tihamah eller Tihama syner til kystsletta i Arabia langs Raudehavet frå Akababukta til Bab el Mandeb.
Geografi Regionen vert stundom delt inn i to delar, Tihamat Al-Hejaz (nord) og Tihamat ʿAsir (sør).«Arabia», on Encyclopaedia Britannica. Henta 22. desember 2015 Den jemenske delen (Tihamat Al-Yaman) er ei forlenging av Tihamat ʿAsir.«Jemen» på Encyclopaedia Britannica. Henta 22. desember 2015 Sletta er avgrensa og er på det breiaste (60 til 80 km) sør for Medina og sør for Mekka.
Byane Yanbu, Jidda og Al Qunfudhah ligg i Hejaz-området av Tihamah. På den asiriske og jemenittiske delen av Tihamah-sletta ligg byane Jizan og Al Hudaydah.
Temperaturane i Tihamah er truleg somme av dei høgaste på jorda. På arabisk tyder at-taham kraftig varme og mangel på vind.
Flora mini|venstre|Daddelpalmetre ved den jemenittiske kyten av Raudehavet, nær Khaukha. mini|venstre|Jeddah i den saudiske delen av Tihamah. Den store sandete kystletta er eit varmt og lite gjestmildt område parallelt med Raudehavet, og det meste av henne, nord for Zabid i Jemen, er trelaus. Nokre stader finst det likevel tett krattskog som nesten berre består av treslaget salam, eller Vachellia flava, og ein kan gå ut frå at dette opphavleg var det dominerande naturlege plantelivet i Tihamah. I krattskogane finst tannkost-treet Salvadora persica og av og til ørkendaddeltreet Balanites aegyptiaca og koloniar av vill doum-palme (Hyphaene thebaica), i tillegg til planta daddelpalmar (Phoenix dactylifera).
Arkeologi
Under ein kanadisk arkeologiekspedisjon nær landsbyen al-Mutaynah i Tihamah-området leia av Edward Keall, direktøren for Royal Ontario Museum, vart det funne seksten megalittiske bautasteinar. Steinane består av granitt og veg opp til 20 tonn. Tre av dei ståande steinane er 2,5 m høge med ein som har falle ned er over 20 meter lang. Koparreiskapar som ein meiner går tilbake til same tida som steinane vart reiste er daterte til kring 2400 til 1800 fvt. Ein enno eldre steinalderindustri vart funnen i lag med potteskar datert til 1200 til 800 fvt.Harrington, Spencer., Jemeni Megaliths, Archaeology, the Archaeological Institute of America, 10. desember 1997
Merknadar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tihamah» frå , den 22. desember 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Megalittiske monument i Midtausten Kategori:Saudiarabisk geografi