Tiger Garté () er ein norsk forfattar og forlagssjef. Han er medlem av Den norske Forfatterforening.
Liv og verksemd Garté er frå Surnadal i Møre og Romsdal. Han har teke mastergrad innan film- og TV-produksjon ved NTNU.
Garté var forlagsredaktør i Juritzen Forlag i nesten 5 år fram til april 2014.
I 2013 laga han talentkonkurransen «Forfatterfight» som starta 11. desember 2013 på Kulturhuset ved Youngstorget i Oslo.
I april 2014 blei han forlagssjef i Aschehoug forlag sitt imprint, Tigerforlaget.
Forfattarskap
Garté debuterte hausten 2007 med boka Burnout og fekk gode kritikkar. Han delte Bokklubbprisen med Jo Nesbø for denne boka.Jo Nesbø vann Den norske lesarprisen frå abcnyheter.no
Hausten 2009 ga han ut kriminalromanen Mr. Mike på Aschehoug forlag.Kreative Tiger Garte fra digglitt.no
28. juli 2012 starta Tiger Garté opp Bokryggpoesi-sida på Facebook i samarbeid med Roger Pihl. Prosjektet resulterte i ei bokutgjeving jula 2012.Bli en bokrygg-poet frå Klar tale.no
Hausten 2012 kom boka Fuglehotellet ut. Handlinga i boka finn stad på Sunndalsøra i Møre og Romsdal og handlar om bestefar til forfattaren som tok sitt eige liv. Boka blei utgjeven på Tiden Forlag.Om Fuglehotellet frå Tiden Norsk Forlag Gartés roman Fuglehotellet blei i 2012 nominert til Bokhandlerprisen.
Hausten 2014 kom også boka Emo-Elliken og jakten på Johnny Dean ut, som er den første ungdomsromanen til forfattaren. Boka blei utgjeven på Gresvik Forlag.Tiger utfordrer leseløver frå BOK365
Bibliografi Burnout (2007), oppvekstskildring frå bygda Surnadal i Møre og Romsdal. ISBN 8203193005 Mr. Mike (2009), kriminalroman med handling frå Trondheim. ISBN 8203195717 Fuglehotellet (2012), roman basert på forfattaren sitt eige liv. ISBN 9788210052910 Bokryggpoesi (2012), bokryggpoesi og tekstar frå norske lesarar og forfattarar, samla og skildra av Tiger Garté og Roger Pihl. ISBN 9788210052910 Emo-Elliken og jakten på Johnny Dean (2014), første ungdomsroman i krimserie. ISBN 9788293049227
Referansar
Kjelder Presentasjon av Tiger Garté i Forfattarkatalogen på Forfattersentrums nettsider
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske romanforfattarar