Prawo i Sprawiedliwość (polsk for Lov og rettferd, forkorta PiS) er eit nasjonalkonservativt, populistisk politisk parti i Polen. Partiet vart skipa i 2001 av tvillingbrørne Lech Kaczyński og Jarosław Kaczyński. Partiet går inn for ein etter måten stor statleg innverknad på økonomien, styrke lov og orden og å gripe inn mot korrupsjon, og er dessutan såkalla EU-skeptisk, det vil seie at partiet er kritisk til den noverande byråkratiske oppbygginga og gjeng mot auka integrasjon i Den europeiske unionen.
Lov og rettferd fekk ved valet til det polske parlamentet i 2015 reint fleirtal i båe kammera, 235 mandatar i Sejmen og 61 i senatet. Toppkandidaten for partiet i dette valet, Beata Szydło, vart statsminister i Polen 16. november 2015. Same år vart Andrzej Duda vald til president i Polen. Partiet heldt fram med den lovgjevande og utøvande makta i Polen etter valet i 2019, og hadde mellom anna gripe langt inn i samansetjinga av domstolane og halde kontroll med dei statlege ålmennkringkastarane. Då partiet styrte, vart Polen skildra som eit «illiberalt demokrati».
I Europaparlamentet har partiet 19 representantar, og alle desse er med i det konservative og anti-føderalistiske felleseuropeiske politiske partiet Alliansen av europeiske konservative og reformistar, som vart skipa 1. oktober 2009.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Lov og rettferdighet» frå , den 10. august 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Polske politiske parti Kategori:Nasjonalkonservative parti Kategori:Sosialkonservative parti Kategori:Høgreparti Kategori:Skipingar i 2001