Jevgenij Romanovitsj Ustjugov () er ein russisk tidlegare skiskyttar frå Krasnojarsk. Han vann individuelt OL-gull på fellesstarten under Vinter-OL 2010 i Vancouver og vart så olympisk meister i stafett under Vinter-OL 2014 i Sotsji.
Ustjugov fekk sitt gjennombrot då han vann jaktstarten i verdscupen i skiskyting i Pokljuka i 2009. Sidan gjekk han til topps på sprinten i Oberhof i januar 2010, før han vart olympisk meister i 15 km fellesstart då vinterleikane fann stad i Whistler ved Vancouver. Året etter kjempa han drabeleg om å gjenta triumfen på fellesstarten under VM i skiskyting 2011 i Khanty-Mansijsk, men måtte gje tapt mot norske Emil Hegle Svendsen kort før målgang.
Ustjugov fekk ein bronsemedalje i 4 x 7,5 km stafett under OL 2010, ein VM-sølv i same øvinga i 2011, før han, saman med Aleksej Volkov, Dmitrij Malysko og Anton Sjipulin vann gull for Russland under dei olympiske leikane i Sotsji i 2014. Utsjugov la opp som skiskyttar etter OL-sesongen.
I februar 2020 vart Ustjugov diskvalifisert av IBU (International Biathlon Union) frå alle resultat i sesongen 2013/2014 på grunn av doping.
Referansar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jewgeni Romanowitsch Ustjugow» frå , den 13. januar 2016.
Kategori:Russiske skiskyttarar Kategori:Olympiske meistrar for Russland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Russland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2010 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2014 Kategori:Dopingsaker i skiskyting