Patrice Bailly-Salins () er ein fransk tidlegare skiskyttar frå Morez i Franche-Comté som i 1994 vann verdscupen i skiskyting, og året etter vart verdsmeister i sprintøvinga.
Bailly-Salins debuterte i verdscupen i 1988. Han tok steget opp i verdseliten i 1992-sesongen, mellom anna ved å vinne 20 km i Pokljuka. Det var hans fyrste av sju rennsigrar i verdscupen i åra fram til 1995. Til saman oppnådde han 11 pallplasseringar i verdscuprenn.
Under vinterleikane på Lillehammer i 1994 gjekk han den andre etappen på det franske laget som vann bronse i 4 x 7,5 km stafett. Året etter sikra dei same fire utøvarane; Lionel Laurent, Bailly-Salins, Thierry Dusserre og Herve Flandin, sølvmedalje til Frankrike i VM-stafetten i Antholz. I same meisterskapen, VM i skiskyting 1995, vann Bailly-Salins gullmedaljen i 7,5 km sprint i ein sekundstrid med tre andre utøvarar. Trass i at han måtte ut i ein strafferunde slo han andremann, russaren Pavel Muslimov, med 1,9 sekund. Både sølv- og bronsevinnar hadde ti treff.
Etter 1995-sesongen hamna Bailly-Salins oftast langt nede på resultatlistene, og han la opp etter OL-sesongen 1998.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Patrice Bailly-Salins» frå , den 21. januar 2016.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Franske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1994 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1998 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1991 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1992 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1993 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1995 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1997