Kim Kielsen () er ein grønlandsk politikar som var statsminister på Grønland frå 2014 til 2021. Han var partileiar for Siumut frå 2014 til 2020.
Kim Kielsen var opphavleg sjømann. Han utdanna seg som politimann etter dette, og arbeidde som politibetjent i Upernavik og Paamiut frå 1996 til 2003. I 2003 søkte han permisjon frå politiet for å driva eit prosjekt for barn og unge med problem, og vart under valet i november 2005 vald inn på Grønlands Landting. Våren 2005 vart han òg vald inn i kommunestyret i heimkommunen sin, Paamiut kommune.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Profil på Nanoq.gl
Kategori:Grønlandske landsstyreformenn