Buffy Sainte-Marie () er einamerikansk singer-songwriter, skodespelar, kunstnar og politisk aktivist. Ho er sjølv knytt til creefolket, og er kjend for sin kamp for urfolk. Songen hennar er kjenneteikna av sterk kjensle og vibrato. I musikken sin blandar ho element frå visesong, country og amerikansk urfolksmusikk.
Bakgrunn Sainte-Marie blei fødd i Stoneham i Massachusetts som dotter av Albert Santamaria og Winifred Irene Santamaria, f. Kenrick. Foreldra var frå Wakefield i Massachusetts; faren var av italiensk-amerikansk avstamming og mora av engelsk-amerikansk. Familien endra etternamnet sitt frå Santamaria til det meir fransk-klingande «Sainte-Marie» grunna fordommar mot italienarar etter andre verdskrigen. Buffy Sainte-Marie hevda lenge at ho var fødd i Piapot-reservatet i Qu'Appelle-dalen i den kanadiske provinsen Saskatchewan og seinare adoptert av ein amerikansk familie.
Ho voks opp i Maine og Massachusetts i USA. Ho skaffa seg ein doktorgrad i biletkunst ved Universitetet i Massachusetts og diplom som lærar og i austleg filosofi.
Tidleg karriere mini|Buffy Sainte-Marie i 1970 I 1962, då Sainte-Marie var tidleg i tjueåra, turnerte ho åleine og utvikla talentet og handverket som songar og musikar ved å opptre i ulike konserthallar, folkemusikkfestivalar og på reservat for urfolk over heile USA og i Canada, forutan at ho òg opptredde i Europa. Ho brukte mykje tid i kaffihusa i sentrum av Toronto i Canada, i det gamle distriktet Yorkville, og tilsvarande i Greenwich Village i New York som ein del av folkemusikkscena fram til midten av 1960-talet. Her opptredde ho ofte saman med andre kommande canadiske samtidige som Leonard Cohen, Joni Mitchell og Neil Young.
Sainte-Marie fekk hurtig eit omdømme som ein dugeleg låtskrivar, og mange av dei første songane hennar som blant anna «Until It's Time For You To Go», vart gjort til hittar av andre songarar, blant anna Barbra Streisand, Elvis Presley, Sonny and Cher, Chet Atkins, Roberta Flack, Janis Joplin og Glen Campbell.
Debutalbumet hennar, It's My Way, vart utgjeve av plateselskapet Vanguard Records i 1964, og ho vart deretter namngjeve som beste nykommer av det amerikanske musikkmagasinet Billboard. Dette albumet hadde òg den kritikarrosten protestsongen «Universal Soldier» som seinare vart ein internasjonal suksess for den engelske folkevisa- og protestsongaren Donovan.
I 1967 gav Sainte-Marie ut albumet Fire and Fleet and Candlelight som inneheldt det som har vorte sedd på som den endelege fortolkninga av den tradisjonelle songen «Lyke Wake Dirge» og hennar eigen song «Now that the Buffalo's Gone», ein protest over dei brotne lovnadene og avtalar med Amerikas urbefolkning. Blant hennar andre kjende songar var «Mister Can't You See» som kom høgt på listene i 1972, «He's An Indian Cowboy In The Rodeo» og ikkje minst ein song ho er svært kjend for, «Soldier Blue», som var filmmusikk til filmen av same namn.
På slutten av 1960-talet nytta ho ein Buchla-synthesizer til å spela inn albumet Illuminations, som ikkje fekk større merksemd. «Folk var meir forelska i biletet av Pocahontas med ein kassegitar,» kommenterte ho seinare i eit intervju i 1998.
Sainte-Marie gifta seg med musikaren og produsenten Jack Nitzsche i 1969. Mellom 1976 og 1981 var ho regelmessig gjest i barne-TV-programmet Sesame Street (tilsvarande Sesam stasjon på norsk) for å gje unge nordamerikanske fjernsynssjåarar eit inntrykk av korleis prærie- og pueblo-indianarane levde. Ho opptredde ofte saman med sonen sin, Dakota Starblanket Wolfchild.
Songen hennar «Up Where We Belong», som ho skreiv saman med Will Jennings og Jack Nitzsche, vart sungen av Joe Cocker og Jennifer Warnes for filmen En offiser og en gentleman og han vann ein Oscar for beste song i 1982.
I 1992 hadde ho sjølv ei rolle i fjernsynsfilmen The Broken Chain saman med Pierce Brosnan.
Seinare karriere I 1992, etter ein sekstenåring pause frå plateinnspelingar, gav Saint-Marie ut albumet Coincidence and Likely Stories. Ho spelte det inn i heime ved hjelp av ein datamaskin, og det inneheldt politiske ladde songar som «The Big Ones Get Away» og «Bury My Heart At Wounded Knee» som begge var krasse kommentarar til den pågåande vanskelege situasjonen for urfolka i Amerika. I 1996 følgde ho opp med albumet Up Where We Belong, der ho spelte inn på nytt fleire av dei beste songane sine i akustiske versjonar, blant anna «Universal Soldier».
Buffy Sainte-Marie er òg utøvande biletkunstnar og har stilt ut i Glenbow Museum i Calgary, Canada Winnipeg Art Gallery, Canada Emily Carr Gallery i Vancouver og American Indians Arts Museum i Santa Fe i USA.
Ho er aktiv tilhengar av bahaireligionen.
Sensur Sainte-Marie har hevda at ho vart svartelista og at ho saman med andre politisk aktive amerikanske indianere vart boikotta i løpet av 1970-talet.
«Eg fann ut ti år seinare, på 1980-talet, at (president) Lyndon B. Johnson hadde skrive brev som lovpriste radiostasjonar som undertrykte musikken min,» sa ho i eit intervju i 1999 med avisa Indian Country Today. «I løpet av 1970-talet vart ikkje berre protestrørsla gjort uvirksomme (put out of business), men heile den amerikanske urbefolkninga vart angripen.»
I tillegg har ho hevda ho at platene hennar forsvann i USA. Tusen av folk ynskte å kjøpa platene hennar på konsertar, og sjølv om platedistributøren hevda at platene var sende var det ingen som visste kvar dei var. «Eg vart gjort uvirksom i USA,» har ho sagt.
Prisar og utmerkingar Frankrike namngav Buffy Sainte-Marie som beste internasjonale songar i 1993. Same året blei ho utnemnd av Dei sameinte nasjonane til å proklamera Det internasjonale året for urfolk.
Ho blei vald inn i Juno Hall of Fame for det livslange arbeidet sitt for musikken i 1995, og vann ein Gemini-pris i 1997 for fjernsynsførestillinga Buffy Sainte-Marie: Up Where We Belong.
Ho fekk ein pris for livslang prestasjon frå National Aboriginal Achievement Foundation i Canada i 1998, og blei også utnemnd til offiser av Order of Canada. I 1999 fekk ho ei stjerne på kanadiske Walk of Fame.
Reaksjonar på villeiing I 2023 røpte tv-programmet The Fifth Estate på kanadiske CBC Television at Buffy Sainte-Marie sine påstandar om ein urfolksbakgrunn var villeiande. Som reaksjon ønskte mange at ho skulle mista prisar og utmerkingar som var meint for urfolk. Urfolksmusikarar som hadde tapt til Sainte-Marie uttrykte skuffing. Issiqut Anguk, systera til songaren Kelly Fraser som tapte Juno Award for Indigenous Music Album of the Year 2018 til henne, skreiv at den avdøde Fraser «respected Buffy so much and it hurts to hear that maybe, just maybe it would've changed Kelly's life if she won the Juno award and Buffy didn't.» Indigenous Women's Collective uttrykte skuffing over at Sainte-Marie vann International Emmy Award 2023 for dokumentaren Buffy Sainte-Marie: Carry It On, og bad om at Juno Awards såg på 2018-tildeinga att for å «explore ways of righting a past wrong. All Indigenous artists in this 2018 category should be reconsidered for this rightful honour.»
7. februar 2025 kunngjorde kanadiske styresmakter at Sainte-Marie var blitt fråteken Order of Canada av guvernørgeneral Mary Simon den 4. januar 2025. I mars 2025 blei Saint-Marie fråteken Governor General's Performing Arts Award, Polaris Music Prizes, Juno Awards og innføringa i Canadian Music Hall of Fame ettersom ho ikkje lenger møtte kriteria for å vinna dei sidan ho ikkje var kanadisk statsborgar.
Plateutgjevingar It’s My Way, 1964 Many A Mile, 1965 Little Wheel Spin and Spin, 1966 Fire & Fleet & Candlelight, 1967 I'm Gonna Be a Country Girl Again, 1968 Illuminations, 1969 The Best Of Buffy Sainte-Marie, 1970 The Best Of Buffy Sainte-Marie Vol.2, 1971 She Used to Wanna Be a Ballerina, 1971 Moonshot, 1972 Quiet Places, 1973 Native North American Child: An Odyssey, 1974 Buffy, 1974 Changing Woman, 1975 Sweet America, 1976 Coincidence and Likely Stories, 1992 Up Where We Belong, 1996 The Best of the Vanguard Years, 2003 Live at Carnegie Hall, 2004 Running for the Drum, 2008 Power in the Blood, 2015 Medicine Songs, 2017
Sjå òg Detsika-leiren
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Buffy Sainte-Marie» frå , den 5. februar 2016.
Bakgrunnsstoff
«Buffys bankende hjerte», omtale hos NRK med lenkje til radiodokumentar, 3. januar 2013 Engelskspråkleg fanside
Kategori:Kanadiske songarar Kategori:Order of Canada Kategori:Oscarvinnarar