Hege Tunaal () er ein norsk musikar (song og gitar), revyskodespelar og songpedagog. Ho starta karrieren først innan skuleoperettar og sidan som visesongar, begge deler i samarbeid med Lars Klevstrand. Saman gav dei ut albumet Dobbeltportrett i 1969, eit album som hovudsakleg bestod av musikk av Geirr Tveitt og tekstar av Herman Wildenvey. Seinare har ho gjeve ut totalt ti album der ho har tolka viser av ulike komponistar som Hartvig Kiran, Violeta Parra, Mikis Theodorakis, Bertolt Brecht og Ketil Bjørnstad. Ho har seinare samarbeidd med Klevstrand ved fleire høve, blant anna på dobbeltalbumet Hartvig Kirans viser – Historia om Ola Skutvik & Mariann der òg Ålesund Kammerensemble bidrog og Henning Sommerro produserte. For albumet fekk dei Spellemannprisen 1983 i klassa visesong. I 2003 gav Tunaal ut albumet Ildluer som var det første albumet hennar med berre eigne songar. Same år mottok ho Gammleng-prisen i viseklassa.
Tunaal er utdanna songpedagog frå Noregs musikkhøgskule og har undervist i song ved Statens Teaterhøgskule i over 20 år.
Diskografi Dobbeltportrett (Nor-Disc, 1969) med Lars Klevstrand Olje, brød og vin (Polydor, 1972) Vide med vind (Polydor, 1974) Roser og tistler (Polydor, 1975) Aramsasa (Flower, 1978) Yada (Triola, 1980) Hartvig Kirans viser – Historia om Ola Skutvik & Mariann – Del I og II (Art-O, 1983) med Lars Klevstrand og Ålesund Kammerensemble – dobbelt LP – gitt ut som en CD i 1998 Epitafios (På Norsk, 1983) Under sol som brenn og brenn (Heilo/Sidespor, 1988) Ildfluer (Pan, 2003)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hege Tunaal» frå , den 7. februar 2016.
Bakgrunnsstoff Biografi frå Norsk pop- og rockleksikon
Kategori:Norske visesongarar Kategori:Folk frå Bærum Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen