mini|Nordahl Grieg videregående skole ligg i nærleiken av Lagunen haldeplass på bybanen. Nordahl Grieg videregående skole er ein fylkeskommunal vidaregåande skule på Rå i Ytrebygda bydel i Bergen, opna i 2010. Skulen er namngjeve for å heidre diktaren og journalisten Nordahl Grieg (1902–1943), som var frå Bergen.
Skulen har ansvar for undervising i sosiale og medisinske institusjonar (SMI-skulen), og har ei eiga avdeling for elevar med spesielle behov og utfordringar knytet til nedsett høyrsle, ein knutepunktskule. Skulen tilbyr teiknspråk som 2. framandspråk som han einaste i fylket.
Skulen har inngått ei intensjonsavtale med Universitetet i Bergen om å vera praksisskule for forskning, og med NHO i forhold til å ha eit utstrakt samarbeid med næringslivet i Bergen. Skulen skal fokus på innovasjon, forskning og teknologi.
Skolebygningen er på 15000 rutemeter, med mellom anna idrettshall, kantine, bibliotek og eit stort såkalla læringstorg midt i bygningen, og dessutan fellesareal som elevane kan nytte til forsking og teknologi på tvers av utdanningsprogramma.
Undervisingstilbod Skulen tilbyr følgjande utdanninger i skuleåret 2016-2017. Vg1 Helse- og oppvekstfaga Vg1 Media og kommunikasjon (ny ordning) Vg1 Studiespesialiserande Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfaga Vg2 Helsearbeidarfaga Vg2 Media og kommunikasjon (gammal ordning) Vg2 Studiespesialiserande Vg3 Media og kommunikasjon, studieførebuing (gammal ordning) Vg3 Studiespesialiserande Vg3 Påbygg til generell studiekompetanse
Bakgrunnsstoff Internettsida til skulen
Kategori:Vidaregåande skular i Bergen