Jens Brekke () er ein norsk lærar, kulturarbeidar og forfattar frå Vik. Brekke har mellom anna gjeve ut hefta Illustrert tyleskap med småhistorier, og Vetlaboki, eit songhefte for barnehagar. Han har vore fast kåsør i NRK Sogn og Fjordane i ei årrekkje.
Som medlem av musikkgruppa «Skjerpehaugen» har han vore med på to plater, og turnert i Folkeakademia med viseprogram saman med Ottar Wiik og Ragnar Hove. Han er forfattar av bøkene Fangebrev (Selja 2008) om Olav Skjerven frå Vik, som sat nesten to år i tysk krigsfangenskap og Dei seie so...om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen (Selja 2010) med illustrasjonar av Arnstein Mygland.
Brekke var med og skipa Sivle-laget, og var leiar av laget sidan starten i 2002 og fram til 2008. Han vart utnemd til æresmedlem i Sivle-laget i forbindelse med lagets 20 års jubileum i 2022. Han har stått bak nyutgjevingar av tekstar av Per Sivle, mellom anna Berre ein hund (Selja 2004). I 1998 vart han tildelt Fylkesmålprisen, Vik kommune sin kulturpris 1999 og Målrosprisen 2000.
Bibliografi Bøker
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Cd-ar 1995 - Her langs fjorden. Heilo. Med Ottar Wiik; Jens Brekke, trekkspel 1999 - Vetlaboki : songar frå Vik barnehage. Vik barnehage. VIKCD 1999
Kjelder Om Jens Brekke i Allkunne
Bakgrunnsstoff Om Jens Brekke i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Forfattarar frå Vik Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske diktarar Kategori:Folk frå Vik