Roberto Bolaño Ávalos () var ein chilensk forfattar og kritikar. Han blir rekna som ein av dei viktigaste søramerikanske forfattarane i sin generasjon. Bolaño blei fødd og voks opp i Chile, men budde store delar av livet i Mexico og Spania. Som ung støtta han det sosialistiske regimet til Salvador Allende, og i kjølvatnet av statskuppet 11. september 1973 var han åtte dagar i fengsel. Roberto Bolaño sin aktivisme var likevel fyrst og fremst retta inn mot kunsten og litteraturens område. Litterært var han inspirert av dei amerikanske beatpoetane sin anti-materialistiske livsførsel, og som forfattar var han sjølvlært, i den forstand at han aldri fullførte vidaregåande utdanning og heller aldri tok noko høgare utdanning. Ved sidan av skrivinga livnærte han seg gjennom strøjobbar.
Bolaño skreiv innanfor fleire ulike sjangrar, og gav ut både romanar, noveller, dikt, litteraturkritikk og essay. Jamvel om han konsekvent omtalte seg sjølv som poet, er det romanane han har blitt mest kjend for i ettertid, og då spesielt romanane Ville detektiver (1998) og 2666 (2004). Litteraturen hans er kjenneteikna av svart humor, absurde og surralistiske element, metafiksjon og referansar til annan litteratur. I båe romanane nemnd ovanfor blir litteraturen i seg sjølv tematisert, og kritikarar, forfattarar, lærarar, akademikarar og bøker er sentrale for handlinga. Som litteraturkritikar er Bolaño oppteken av arven frå søramerikansk litteratur og forfattarar som til dømes Julio Cortázar og Jorge Luis Borges.
Bolaño mottok ei rad prestisjetunge prisar, mellom anna Premio Rómulo Gallegos for Ville detektiver i 1999 og TIME Magazines Book of the year i 2008 for 2666. Roberto Bolaño døydde av leversvikt 15. juli 2003.
Utvalde verk La pista de hielo. Barcelona, 1993 La literatura nazi en América. Barcelona, 1996 El gaucho insufrible. Barcelona, 2003 Nocturno de Chile, 2000. Norsk utgåve: Chilensk nokturne, 2007. Omsett av Christian Rugstad Los perros románticos, 1993. Norsk utgåve: De romantiske hundene, 2008. Attdikta av Jan Jakob Tønseth og Kristina Solum Los Detectives Salvajes, 1998. Norsk utgåve: Ville detektiver, 2009. Omsett av Kristina Solum Amuleto, 1999. Norsk utgåve: Amulett, 2020. Omsett av Kristina Solum 2666, 2004. Norsk utgåve: 2666, 2015. Omsett av Kristina Solum
Kjelder
Fotnotar
Kategori:Chilenske forfattarar Kategori:Chilenske litteraturkritikarar