Honningkryparar, Cyanerpes, er ei biologisk slekt av fire fugleartar tanagarfamilien. Dei lever i neotropiske område frå Mexico sør til Brasil.

Habitatet er i trekroner i skog eller utkanten av skog. Som namnet ymtar om, er dei spesialiserte nektaretarar med lange, boga nebb.

Dei fire honningkryparartane i slekta har fargerike bein, lange venger og ein kort hale. Hannane er vanlegvis skinande lillablå og hoene grønaktige.

Grønhonningkrypar, Chlorophanes spiza, deler òg fellesnemninga honningkrypar, men er klassifisert i si eiga slekt. Han har eit større, tjukkare nebb enn Cyanerpes-slekta, og er mindre sterkt avhengig av nektar.

Artslista Cyanerpes i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.10 frå august 2015 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Dverghonningkrypar, Cyanerpes nitidus, Short-billed Honeycreeper Gulbeinhonningkrypar, Cyanerpes lucidus, Shining Honeycreeper Purpurhonningkrypar, Cyanerpes caeruleus, Purple Honeycreeper Raudbeinhonningkrypar, Cyanerpes cyaneus, Red-legged Honeycreeper Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Honeycreeper» frå , den 21. februar 2016.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fuglar i den neotropiske regionen kategori:tanagarfamilien Kategori:Fugleslekter