Walter Demel () er ein tysk tidlegare langrennar frå Bayreuth i Oberfranken som tevla for Vest-Tyskland. Han vann bronsemedaljen på 30 km i Ski-VM 1966 i Oslo.
Aktiv Demel deltok i samtlege verdsmeisterskap i nordiske greiner og olympiske vinterleikar i tida 1962 til -76. Han vart nummer ti på tremila under Vinter-OL 1964 i Innsbruck, men det kom likevel overraskande at han tok bronsemedaljen på same distansen under Ski-VM i Holmenkollen to år seinare, fattige tre tidels sekund bakom sølvvinnaren, Kalevi Laurila frå Finland.
I Ski-VM 1970 i Strbske Pleso kom han på sjetteplass på 50 km og vart nummer sju på 15 km. To år etter vart han femtemann både på tremila og på femila under vinterleikane i Sapporo, og vart nummer sju på 15 km.
Demel vart vesttysk meister 26 gongar individuelt, i tillegg var han med å vinne 14 stafettgull.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Walter Demel (Skilangläufer)» frå , den 25. februar 2016.
Kategori:Tyske langrennsløparar Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1964 Kategori:Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1972 Kategori:Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1976