Nils Skandfer () var ein norsk båtbyggjar kjent for sine Skandferbåtar, ein variant av kuttarar. Skandfer var fødd og voks opp på Rensaa i Ibestad. Han gjekk i lære hos Colin Archer i Larvik, og hos Kristian Dekke ved Georgernes Verft i Bergen. Han kjøpte den gamle handelsstaden Kulstadsjøen i Vefsn, og starta og dreiv sitt eige båtbyggjeri, Skandfers baadbyggeri.

I dag er det berre fire eller fem av dei kring 300 fartøya konstruert av Skandfer som fortsatt flyt, alle av dei er kuttarar. Tre av desse båtane som han bygde, MK «Hermes II» (1917), MK «Faxen» (1916) og MK «Folkvang» (1911) er restaurerte. Bygderutebåten MK «Reidulf II» (1914) ligg i naudhamn på Hardanger fartøyvernsenter.

Kjelder Tom Rasmussen: Kravellteknikkens vei til Norge i Kravellbygging i Norge. Hardanger Fartøyvernsenter og Norsk Sjøfartsmuseum 2008

Kategori:Folk frå Vefsn Kategori:Norske båtbyggjarar Kategori:Folk frå Ibestad Kategori:Norske båtkonstruktørar