Veronika Vítková () er ein tsjekkisk skiskyttar, fødd i Vrchlabí og busett i Jilemnice, som vart verdsmeister i mixstafett i 2015 og tok OL-sølv i same øvinga i 2014.
Aktiv mini|venstre|Veronika Vítková under VM 2013 i Nové Město na Moravě
Vítková har sidan 2008 delteke i alle dei store meisterskapane, men femteplassen på 15 km i VM i skiskyting 2009 er hennar beste individuelle prestasjon. I staden har ho fått vere med å vinne tre medaljar i mixstafett; VM-bronse 2013 på heimebane i Nové Město na Moravě, OL-sølv i 2014 i Sotsji, samt VM-gull i 2015 i Kontiolahti. Alle medaljane vart vunne i lag med Gabriela Soukalová og Ondřej Moravec.
Vítková kunne for fyrste gong stige pallen i verdscupen då ho vart nummer to i ein jaktstart i Oberhof vinteren 2013. Ho tok sin hittil einaste siger i et verdscuprenn i nettopp Oberhof 9. januar 2015, trass i at ho måtte gå to strafferundar i sprinttevlinga. Til saman har ho ni pallplassar i verdscupen pr 2016, nesten alle i 2014- og 2015-sesongane.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Veronika Vítková» frå , den 2. mars 2016.
Kategori:Tsjekkiske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tsjekkia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tsjekkia Kategori:Tsjekkiske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2010 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Tsjekkiske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2014 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Tsjekkiske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2018 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2008 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2009 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2011 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2012 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2013 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2015 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2016 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2017 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2019