Peter Bendow er namnet den norske juristen, forfattaren og illustratøren David Dietrichs Svendsen Arnesen () tok i 1948 etter å ha brukt det som forfattarpseudonym i ei årrekke. Han brukte også av og til pseudonyma Hermann Munter og Bjørn Rafft.
Peter Bendow budde i Lærdal frå 1895-1906 då faren Johan Ludvig vart prest der. Han skreiv som kriminalforfattar under dekknamnet Peter Bendow og endra altså seinare sitt eige namn til dette. Han blei cand. jur. i 1910, var rettsskrivar i Oslo lagdøme 1927-1936, i Eidsiva lagdøme 1936-1954.
Han skreiv fleire skodespel, mellom anna Kongens Ord i 1953 om lærdølane sitt opprør mot militærtenesta i 1802.
Han var også ein kjend amatøregyptolog og skreiv fleire bøker om emnet, mellom anna trilogien Pyramidetidens Egypt (1947), Stormaktstidens Egypt (1952) og Forfallets Egypt (1957). Til dei tre sistnemnde teikna Bendow også omslaget og vignettane som innleiar og avsluttar kapitla i bøkene. Boka Historisk lidenskap (1943) inneheld artiklar om såvel det gamle Egypt som frå Roma, middelaldersk romantikk, kong Christian II og dronning Elisabeth I.
Bendow skreiv også fleire historiar som vart publiserte i det populære norske tidsskriftet Magasinet For Alle, og han heldt radioføredrag. Boka Guder og templer (1956) inneheld utdjupande artiklar basert på radioføredrag om Egypt, med forfattaren sine teikningar og eigne fotografi frå Egypt. Han omsette også andre forfattarar sine bøker til norsk.
Bibliografi Bøker
Omsetjingar til andre språk - eit utval Med egen ingång (1935). Svensk utgave illustrert av Ludvig Johnson Pyramidetidens Ægypten (1949). Dansk utgave oversatt av Grethe Lundsgaard
Omsetjingar til norsk av andre forfattarar sine bøker - eit utval E. Phillips Oppenheim: Virginia griper inn (1933) W. N. Weech (redaktør): Verdens historie. I – II (1949) Vivi Laurent-Täckholm: Faraos blomster. En kulturhistorisk-botanisk skildring av livet i Det gamle Egypt bygd på virkeligheten og med bilder fra de siste års utgravninger (1953)
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kjelder Om Peter Bendow i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978 Gravminner i Norge
Bakgrunnsstoff Peter Bendow i Store norske leksikon
Om Peter Bendow i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Pseudonyme forfattarar Kategori:Norske egyptologar Kategori:Folk frå Larvik Kategori:Norske kriminalforfattarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Forfattarar frå Lærdal