Bergljot Solberg () er ein norsk arkeolog. Ho vart tilsett i 1982 som førsteamanuensis ved Arkeologisk institutt, Universitetet i Bergen, avla doktorgraden (dr.philos) ved Universitetet i Bergen i 1985 med avhandlinga Norwegian spear-heads from the Merovingian and Viking periods, og vart i 1989 professor ved Universitetet i Bergen som ein av dei fyrste kvinnelege arkeologiprofessorane i Noreg.
Solberg har ein stor vitskapleg produksjon attom seg, har skrive fleire artiklar i bokutgåvene av Store norske leksikon, og er forfattar av boka Jernalderen i Norge.Jernalderen i Norge : ca. 500 f.Kr.-1030 e.Kr. (2000) 2003. Oslo: Cappelen akademisk forlag. ISBN 8202231787 ISBN 9788202231781 Ho er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, og dessutan medlem av Internationales Sachsensymposion. Arbeitsgemeinschaft zur Archäologie der Sachsen und ihrer Nachbarvölker in Nordwesteuropa.Internationales Sachsensymposion
Fotnotar
Kategori:Norske arkeologar Kategori:Norske arkeologiprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Bergen