Skaldatal (norrønt Skáldatal) er ei islandsk oversikt over norske og islandske skaldar frå dei tidlegaste tider fram til 1200-talet.

Kjeldene til Skaldatal finst i desse to manuskripta:

Codex Upsaliensis (DG 11)Forkortinga DG viser til manuskriptsamlinga som var i eige av den svenske greven Magnus Gabriel De la Gardie som er datert til tidleg på 1300-talet. På 1600-talet vart manuskriptet donert til Universitetet i Uppsala og det er òg ei av dei viktigaste kjeldene til Den yngre Edda og hovudmanuskriptet til Heimskringla.

Manuskriptet AM761 a 4toForkortinga AM viser til manuskriptsamlinga til den islandske filologen og historikaren Árni Magnússon som er datert til tida 1690-1700. Det høyrer til Den Arnamagnæanske Samlinga og er oppbevart på IslandAM761 a 4to frå handrit.no.

I Skaldatal er skaldane ført opp under kongane, jarlane og hovdingane som dei var knytt til, og oppstillinga er delt inn seksjonar: skaldar hjå danske og svenske kongar skaldar hjå norske kongar skaldar som var hjå hovdingar, stormenn og jarlar (inkludert ladejarlane)

Ein reknar med at arbeidet med Skáldatal vart byrja på Snorre Sturlasson si tid, kanskje av Snorre sjølv. 148 ulike skaldar er nemnde i verket, men listene er likevel ikkje komplette då vi i dag kjenner til langt fleire norrøne skaldar (sjå t.d. oversikt i Skaldic ProjectSkaldeoversikt frå Skaldic Project (437 namn)). På den andre sida inneheld Skáldatal namn på skaldar som ikkje er kjende frå andre kjelder. Mange av skaldedikta som truleg var grunnlaget for Skáldatal, er gått tapt.

Ei vetskapeleg utgåve av Skáldatal er publisert i bind 3 av Edda Snorra Sturlusonar, utgitt av det Arnamagnæanske Legatet i København i 1887.

Referansar

Bakgrunnsstoff Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource Skaldatal på dansk, frå heimskringla.no] SKÁLDATAL v/Theodorus Möbius (1856), på latin/norrønt, frå Google Bøker

Kategori:Skaldar Kategori:Skaldekvad Kategori:Norrøn litteratur