Julie Margrethe Brodtkorb () er ein norsk næringslivsleiar og tidlegare politikar for Høgre. Frå oktober 2013 til april 2017 var ho statssekretær ved Statsministerens kontor.regjeringen.no Statssekretær Julie Margrethe Brodtkorb (H) Frå 2017 har ho vore administrerande direktør i Maskinentreprenørenes forbund.
Brodtkorb var 1. viseformann i Trondheim Unge Høgre 1991–1992, kvinnepolitisk leiar i Aremark Høgre 2004–2006 og leiar i Aremark Høgre 2005–2006. Frå 2010 var ho leiar i Høgres Kvinneforum og medlem av Høgres arbeidsutval. Ho har òg vore medlem av Oslo bystyre frå 2011 til 2015.
Julie Brodtkorb har studiekompetanse fra Strinda vidaregåande skule, og er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole frå 1999. Ho var trainee i Geelmuyden.Kiese AS 1999–2001 og marknadssjef til Utfors AS i 2001. I 2001 vart ho tilsett i Høgres gruppesekretariat på Stortinget, først som nærings- og finanspolitisk rådgjevar 2001–2005, seinare som nestleiar til sekretariatet 2005–2007 og kommunikasjonssjef 2007–2009. I fleire år var ho òg statsminister Erna Solbergs stabssjef og personlege rådgjevar. Før ho blei ansatt i Høgre var ho frå 2012 administrerande direktør i kommunikasjonsbyrået JKL Oslo AS. I starten av karriera var ho tilsett i eigedomsselskapa Kristiania Eiendomsforvaltning AS og deretter i Stor Ulven AS.
Brodtkorb var i åra 2004–2010 gift med finansmannen Tore Aksel Voldberg, som ho har barn med.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Julie Brodtkorb» frå , den 12. mars 2016.
Kategori:Lokalpolitikarar i Aremark Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Solberg Kategori:Statssekretærar frå Høgre Kategori:Folk frå Trondheim