Arild Sundgot () er ein norsk fotballspelar. Sundgot er ein angrepsspelar. Fotballkarrieren starta i byen der han voks opp, Ulsteinvik, for IL Hødd. Sundgot sitt første møte med Eliteserien kom med nettopp Hødd, i deira opprykk til 1995-sesongen. Her vart det 2 mål på 10 kampar for sunnmøringen.

I 1997-sesongen ikledde Sundgot seg ei ny drakt, nemleg for Lillestrøm SK. Dette er også Sundgot sin noverande klubb, sjølv om overgongsspekulasjonane var store etter endt 2005-sesong. Spelaren vil for alltid vere ein viktig del av Lillestrøm si historie, då Sundgot er den mestskårande spelaren i Eliteserien for klubben nokon gong. På tolv sesongar har han laga 88 mål på 247 kampar for LSK i Eliteserien. Han har med dette slått rekorden til Lillestrøm-legenda Tom Lund, som hadde 64 mål på 149 kampar.

Han er son til tidlegare Høddspelar Otto Sundgot, og bror til Ole Bjørn Sundgot.

+Arild Sundgot sine sesongar i eliteserien for Lillestrøm: Sesong Kampar Mål 1997 12 0 1998 25 3 1999 21 7 2000 22 8 2001 9 2002 22 5 2003 19 8 2004 21 14 2005 25 11 2006 24 7 2007 25 10 2008 15 6

Kjelder http://fotball.aftenposten.no/eliteserien/index.jsp?service=default&stats=true&type=person&personId=1637&seasonId=6500

Sundgot, Arild Sundgot, Arild Sundgot, Arild Sundgot, Arild Kategori:Hødd-spelarar Kategori:Lillestrøm-spelarar