Ole Colbjørnsen () var ein norsk journalist, økonom og politikar frå Vegårshei. Han var ein av dei fyrste leiande planøkonomane i Noreg. Perioden 1937-40 møtte han på Stortinget frå Oslo, som varamann for statsråd Oscar Torp.
Liv og gjerning Etter examen artium i Arendal studerte han realfag under Carl Størmer og Lars Vegard ved Universitetet i Oslo. I 1920 reiste han til Russland for å studere og arbeide med femårsplanar. Etter elleve år i Sovjetunionen kom han tilbake i Noreg, og vart ein viktig pådrivar for ei radikal omlegging av den økonomiske politikken under den djupe krisa som Noreg og verda sleit med. I Arbeidarpartiet støtta han den økonomisk-politiske linja som Axel Sømme og Martin Tranmæl var faneberarar for. Colbjørnsen var mellom dei fyrste norske økonomane som talte for ein aktiv statleg investeringspolitikk og planøkonomi for å bringe landet ut av den økonomiske krisa. Frå 1932 til -40 skreiv han om økonomi i Arbeiderbladet. Han var frå 1936 medlem i Tiltakskomiteen.
Frå 1937 representerte han Oslo Arbeiderparti på Stortinget, som varamann for partiformannen, statsråd Oscar Torp.
Under felttoget i Noreg i 1940 var Colbjørnsen med på transporten av gullet i Noregs Bank, heile vegen til Tromsø og vidare til Storbritannia. Etter omlasting av gullet til M/S «Bomma» fylgde han transporten til USA. Colbjørnsen var finansråd, seinare handelsråd ved den norske ambassaden i Washington D.C. i tida 1940-48.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ole Colbjørnsen» frå , den 20. mars 2016.
Kategori:Norske økonomar Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Folk frå Vegårshei