«Përrallë» (Eventyr) er ein song av Eneda Tarifa. Songen er skriven av Olsa Toqi.
Eurovision Festivali i Këngës 54 16. oktober 2015 vart «Përrallë» annonsert av Radio Televizioni Shqiptar som eit av bidraga i Festivali i Këngës 54, den albanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm i Sverige. Bidraga vart gjort offentlege på nettstaden til kringkasteren 4. desember 2015. Bidraget deltok i den andre semifinalen, og gjekk vidare til finalen, der «Përrallë» stakk av med sigeren. Eneda Tarifa framførte bidraget på albansk, med tekst og melodi av Olsa Toqi.
Eurovision Song Contest 2016 Sigeren i Festivali i Këngës 54 sikra «Përrallë» retten til å vere det albanske bidraget i Eurovision Song Contest 2016. Tarifa ville endre teksten til engelsk, og Olsa Toqi skreiv ein ny engelsk tekst som fekk tittelen «Fairytale Love». Tittelen vart seinare endra til «Fairytale». Bidraget vil delteke i den andre semifinalen.
Fotnotar
Kategori:Eneda Tarifa-songar Kategori:Albanskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Albanske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2016-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar