mini|Tåreapparatet(a) Tårekjertel(b) Øvre tårepunkt(c) Øvre tårekanalikkel(d) Tåresekk(e) Nedre tårepunkt(f) Nedre tårekanalikkel(g) Tårekanal Tåreapparatet (av latin apparatus lacrimalis) er eit fysiologisk system i augehola som står for produksjon og drenering av tårer. Det finst eitt tåreapparat for kvart auga. Det er samansett av: Ein tårekjertel som skiljer ut tårer, og ei rekkje mindre utførselsgangar som frakter væska frå kjertelen til auga. To tårekanaliklar, ein tåresekk og ein tårekanal som frakter væska ned i nasehola og tømmer ho anteroinferiort (framme og nede) i dei nedre nasemuslingane.
Tåreapparatet får sympatetisk nervetilførsel gjennom ei rekkje nervar kring den store halspulsåra, og parasympatetisk gjennom ei hjernenervekjerne i andletsnerven.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lacrimal apparatus» frå , den 22. mars 2016.
Kategori:Auga